Hallgeir slik vi hugsar han, med eit lunt smil. Her framfor verkstaden på Bjørnen sommaren 2014 (foto: KVB)

Hallgeir Forstrønen Bjørnevik er gått bort

Kulturpersonlegheit og kulturberar Hallgeir Forstrønen Bjørnevik gjekk tysdag kveld bort etter lengre tids sjukdom.

Av: Andris Hamre

Hallgeir Forstrønen Bjørnevik var ein kulturberar av dei store i Osbygda. Gjennom sitt virke som båtbyggjar av nasjonalbåten oselvaren var han med på å sette Os på kartet, mellom anna då NRK sommarbåten var på besøk i fjor sommar. I etterkant av denne sendetida fekk han ei rekkje bestillingar. Dessverre blei han i 2014 ramma av kreft.

– Eg er ferdig med siste behandlinga og følger meg fin. Men energien er ikkje heilt tilbake, fortalde Hallgeir, då Midtsiden møtte han og Bjørn «Polkabjørn» Tomren i verkstaden på Bjørnen i september i fjor haust

Delte kunnskapen

Mange skuleungdomar fekk gleda av Hallgeir sitt sprudlande vesen og engasjement for oselvaren og det maritime liv gjennom den kulturelle skulesekken.

– Eg trur det er veldig viktig på fleire område å lata ungane få prøva seg fram, feila, slå seg litt og be om hjelp – for så å læra, hugsa og meistra. Då kjem kunnskapen, motet, interessa og sjølvtilliten, fortalde Hallgeir i eit intervju sommaren 2014

Stort engasjement

Hallgeir hadde òg eit stort engasjement for kulturlivet i Osbygda, både gjennom koret Fonos og som pianist og musikar for fleire revyar, kor og konsertar. Ikkje minst gjennom kyrkjelyden viste Hallgeir sitt store engasjement.

Hallgeir Forstrønen Bjørnevik blei 50 år og etterlet seg kone, fire born og ei svigerdotter.

Redaksjonen sine tankar går til Hallgeir sine næraste.

Det var Os og Fusaposten som først omtalte saka.

Fleire saker