Lokal | 13. des. 2019

Halvor Hanevik i ny jobb

Prosjektsjefen har sagt seg opp i Os kommune.

Halvor Hanevik i ny jobb
Halvor Hanevik har vore prosjektleiar i Os sidan sommaren 2017. Han blir ikkje med inn i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. des. 2019 16:58

I mai 2017 blei det kjent at norenesingen Halvor Hanevik skulle overta etter Tor Inge Døsen som prosjektsjef i Os kommune. Han hadde bakgrunn innan bygg- og anlegg før han gjekk vidare via oljebransjen til det offentlege.

Som prosjektsjef i kommunen har han blant anna hatt ansvar for Os Aktiv, som snart er ferdigstilt, planlegging av Borgafjell barneskule, som får byggestart neste år, oppgradering av Os sentrum nord, nytt helsehus på Lurane som kjem på anbod over nyttår, parkeringsanlegg, satsing og fokus på hamn og hotell, eit komande rosemaleri i verdsklasse og ein kajakkrampe på Steinneset.

– Eg har likt meg veldig godt i Os kommune, og føler eg både har fått utfalda meg og fått vore med på å påverka små og store prosessar, seier Hanevik til Midtsiden.

– Men eg fekk eit jobbtilbod som eg ikkje kunne seia nei til.

Blir regionsdirektør i firma frå 1800-talet

Hanevik sluttar i Os kommune allereie 1. januar. Knut Olav Torsvik vil bli konstituert som prosjektsjef fram til 30. juni 2020, fortalte Bjørnafjorden kommune via eigne heimesider onsdag.

Andre veka i januar startar Halvor Hanevik i stillinga som regionsdirektør hos Teknisk Bureau.

– Selskapet har fleire store kundar og prosjekt i Stavanger, Haugesund og på Stord. Eg får kontor på Bontelabo og skal jobba med å gjera selskapet endå meir synleg i bergensområdet, og å finna nye forretningsidear.

Selskapet blei stifta i 1893 og er ein teknisk totalentreprenør og servicebedrift innanfor faga rør, ventilasjon, telekom, automasjon, energirådgivning, maritim elektro og elektro.

Tida og framtida i Os

Den avtroppande prosjektsjefen blir buande i Os. Han ser tilbake på to og eit halvt gode år i rådhuset.

– Vi på prosjektavdelinga har hatt ein god arbeidsfellesskap med kort veg til leiinga i kommunen, noko som har gjort mange av prosessane både gode og effektive. Det har vore inspirerande.

• SakkoSekkStudio: Halvor Hanevik (august 2019)

– Stram økonomi i ny storkommune, og planar i samarbeidspartia om å erstatta Liv på Øyro 2 med Liv i Bjørnafjorden. Kan dette redusera handlingsrommet ditt, at det er medverkande til at du gir deg?

– Det er bra du spør. Svaret er nei! At det blir Liv i Bjørnafjorden ser eg på som heilt naturleg, kva parti som styrer kommunen har heller ikkje noko å seia for valet mitt.

– Får du ei tøffare epostadresse i ny jobb?

– Neppe!

(Epostadressene i kommunen er stort sett dei to første bokstavane i kvart namn. Prosjektleiaren har dei siste åra vore å treffa på haha@os bindestrek og så vidare)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.