Lokal | 17. mai 2019
Hamna i arresten på morgonkvisten
Politiet skulle kontrollera ein mann i Kolskogen. Det enda med at han blei lagt i jern og køyrd i arresten.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. mai 2019 09:03
Politiet har få notat frå Os natt til syttande, men litt før klokka 05.30 på morgonen fekk dei litt å ta tak i.
– Det er uvisst kva som skjedde i forkant, men då politiet kom så skapte han seg vanskeleg, hissa seg opp og blei etterkvart fysisk, fortel Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Mannen, som er i starten på 20-åra, blei lagt i jern og køyrd til arresten i Bergen. Han blir òg meldt for vald mot offentleg tenesteperson.
– Blir han dimittert no på formiddagen?
– Nei, han går nok glipp av feiringa i dag, seier Samsonsen.