Lokal | 02. jan. 2013

Hamna i grøfta "av seg sjølv"

– Det er klink is over alt, seier føraren av bossbilen som står i grøfta på Haugland. Han var ute av bilen medan den glei av vegen.

Hamna i grøfta "av seg sjølv"
Bilen glei sidelengs av vegen medan føraren var ute for å henta bosspann. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. jan. 2013 12:30

Tysdag ettermiddag åtvara Os kommune mot glatte vegar, onsdag morgon hamna ein bossbil i grøfta på Haugland.

– Bilen sto fint då eg gjekk ut for å henta bosspanna, men så byrja den å gli, fortel føraren.

Bilen glei sidelengs av vegen og hamna i grøfta på Reset på haugland. No er det så vidt passasje til forbipasserande til bustadane innanfor.

Dobbelt med arbeid - dobbelt med tid

– På grunn av fridagane som har vore så har vi dobbel tømming i dag. Då passar det dårleg med sånne kjøreforhold som dette.

Bilen har stått fleire timar i grøfta.

– Det er klink is på nesten alle sidevegar, eg har vore vitne til fleire nesten-ulykker i dag, seier sjåføren frå Bir.

Kvir seg til Ingjelsbrekko

Då Midtsiden var på staden hadde ein reserverbil kome, så føraren kan halda fram med ruta si. Viking er på veg for å taua den andre bilen opp av grøfta igjen.

– No kvir eg meg til Ingjelsbrekko, den er både bratt og svingete, seier føraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.