Politi | 13. des. 2022

Hamna i grøfta i Mobergsbakken

Mykje snø skaper vanskelege forhold fleire plassar.

Hamna i grøfta i Mobergsbakken
Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking, er det stilleståande, men kort kø opp delar av Mobergsbakken. (Kart: Google Maps)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. des. 2022 07:50

Tysdag morgon vakna vi til eit nytt lass med snø, meir enn det som kom for fem dagar sidan.

I 08.30-tida fekk Midtsiden tips om ein bil i grøfta i Mobergsbakken.

– Bilen sto i grøfta i den første svingen opp bakken. Ingen såg skadd ut, men det kan nok bli litt kø på staden, fortel tipsar.

Trafikken kjem seg forbi, men ved møtande trafikk har det blitt noko kø. (Foto: Nora Trippestad)
Trafikken kjem seg forbi, men ved møtande trafikk har det blitt noko kø. (Foto: Nora Trippestad)

Vegtrafikksentralen varsla om snømengdene klokka 05.47 i dag tidleg.

«Det snør for øyeblikket tett enkelte plasser i Vestland. Brøytemannskaper er ute, men det kan være glatt på veiene. Avpass farten etter forholdene og kjør forsiktig. Husk å fjerne snø fra bilen før du kjører.»

Det har vore forseinkingar i busstrafikken og Flesland er framleis stengt.

Det har vore få ulykker, men klokka 07.13 fortalte Vegtrafikksentralen om stengt Fv49 i Samnanger ved Fossenbrattetunnelen nær Kvamskogen.

Politiet fortalte at det var ein frontkollisjon med éin person i kvar bil.

– Begge er bevisste og ute av bilen.

Vegen opna igjen klokka 08.16.

Ulvensletta i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ulvensletta i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det er meldt meir snø fram til klokka 15 i dag. Det kan også koma ei snøbyge onsdag morgon.

Onsdag ettermiddag og torsdag er det meldt sol og 2 til 5 minusgradar, fredag og laurdag kan det bli noko varmare med fare for snø eller sludd.

Frå søndag ettermiddag og utover i neste veke er det venta 5 til 7 plussgradar og regn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.