Lokal | 29. juli 2018

Hamna midt i kvalflokken

Fredag var ein større flokk med niser innom, i dag svømte over 50 grindkval mellom Os og Tysnes.

Hamna midt i kvalflokken
I bakgrunnen er ein av fleire som fann den store kvalflokken mellom Bjørnatrynet og Fluøyane i dag. (Foto: Liv-Randi Lind)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. juli 2018 20:18

Bildeserie:

Fredag var det mykje nise å sjå i fjorden. (Lesarbilde)
Fredag var det mykje nise å sjå i fjorden. (Lesarbilde)
I dag var det større kval mellom Halhjem og Tysnes. Os sentrum i bakgrunnen. (Foto: Liv-Randi Lind)
I dag var det større kval mellom Halhjem og Tysnes. Os sentrum i bakgrunnen. (Foto: Liv-Randi Lind)
1 av 2
Fredag var det mykje nise å sjå i fjorden. (Lesarbilde)
I dag var det større kval mellom Halhjem og Tysnes. Os sentrum i bakgrunnen. (Foto: Liv-Randi Lind)

Niser er ofte å sjå i Bjørnafjorden og Fusafjorden, men i rekordvarmen fredag var det både blikkstille fjord og ein ekstra stor flokk å sjå mellom Os og Vinnes.

Midtsiden fekk tilsendt lesarbilde frå ein heldig gjeng om bord i ein båt som blei liggande midt i flokken.

Søndag fekk naturfotografane Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde tips av slektningar som sat om bord på ferja frå Våge til Halhjem. Dei såg ein større flokk med endå større kval.

Mens niser kan bli opptil to meter lange og vega 60-70 kilo blir grindkval over 7 meter lange og opptil 3,8 tonn tunge.

Dei svømmer dessutan ofte i større flokkar.

– Truleg over 50 dyr

Som på jomfruturen med den nykjøpte Askeladden P66 i 2011 fann dei flokken med grindkval, omtrent på same stad som for 7 år sidan.

– Det var høge bølgjer, så forholda var ikkje optimale. Filming var vanskeleg, men vi fekk tatt nokre bilde, fortel Liv-Randi.

Sjå video på Vimeo.com

Dei var ikkje einaste båt som hadde funne kvalane.

– Det er vanskeleg å seia kor stor flokken var, det var kval over alt, og kanskje mellom 50 og 70 dyr til saman. Dei svømte rundt oss ei god stund før dei dykka.

Dette var mellom Bjørnatrynet og Fluøyane på nordsida av Tysnes.

• Sjå video: Filma spekkhoggarar utanfor Kobbavågen (2017)

Spekkhoggarane, som normalt er innom fjorden i mars eller april, har vore her i år òg. I april fekk Midtsiden fleire tips om at dei var i Samnangerfjorden, og vi var saman med Lind og Lunde nokre turar innover utan å koma tett nok på til å få tatt gode bilde.

• Sjå bilde og video: Spekkhoggarar utanfor Solstrand (2013)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.