Lokal | 08. feb. 2011

Hamna på kanten

Ei kvinne hamna tysdag på ein mur i Storumbakken med bilen sin.

Hamna på kanten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 08. feb. 2011 13:34

Midt på dagen tysdag hamna ein bil utfor vegen i Storumbakken retning Lepsøy. Turen gjekk vidare over eit skilt og opp på ein mur, der bilen blei ståande.

- Verken sjåføren eller passasjeren blei skadd, fortel mannen til kvinna som kjørte bilen.

Han sto på staden og dirigerte trafikken forbi medan han venta på redningsbil frå Viking.

Det skal ikkje ha kome bil imot i forkant av utforkjøringa.

- Det var glatt i vegen då ho kjørte utfor, det var etter at det hadde byrja å snø, men før brøytebilane hadde vore forbi, fortel han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.