Båt og sjøliv | 06. juli 2023

Hamna på rek ved Raudholmane

Brannvesenet sendt på oppdrag for Hovedredningssentralen.

Hamna på rek ved Raudholmane
Delar av Raudholmane sett frå Os mot Tysnes og Kvinnherad i mars i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. juli 2023 10:18

Onsdag i 14.20-tida fekk politiet melding om båt med motorstopp ved Raudholmane.

– Det var éin person i båten, ei kvinne i 20-åra, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Brannvesenet fekk oppdrag frå Hovedredningssentralen (HRS) å hjelpa kvinna. Båten er ein skjergardsjeep med vindskjerm.

– Det er uvisst kvifor båten mista framdrift og kor lenge ho låg på rek, men vi fekk også meldingar frå folk på land som hadde lagt merke til at det såg ut som om nokon trengte hjelp, fortel brannsjef Espen Storum.

Brannvesenet brukte ikkje Unik-båten, som ligg stasjonert på Halhjem, men tok gummibåt på hengar med til Os hamn for å rykka ut.

– Vi kom oss raskt til Raudholmane og fekk taua båten til land i Os hamn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.