Lokal | 10. mai 2019

Hamna på sjukehus etter slåstkamp - dømt til bot

Vitne forklarte at tiltalte slo først.

Hamna på sjukehus etter slåstkamp - dømt til bot
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. mai 2019 08:03

Ein mann i 20-åra frå Os måtte møta i Nordhordland tingrett etter ein slåstkamp i Bergen i mai i fjor.

Han og tre andre hadde barka saman, og alle blei meldt for å «ha forstyrra alminneleg fred og orden». Dei tre andre vedtok forelegg, det gjorde ikkje tiltalte.

Tiltalte forklarte at han var full og hugsar lite. Han hadde eit stort kutt i ansiktet etter slåstkampen, fekk behandling i ambulanse og var dagen etter på legevakt med hovudpine. Der blei han sendt vidare til Haukeland for å skanna hovudet.

Etter at fem vitne hadde forklart seg fann retten det bevist at tiltalte først hadde kome med ukvemsord til tre andre, så hadde han gått til angrep på alle tre. Den eine blei slått så han fekk ein kul i hovudet, ein annan blei slått så han gjekk i bakken.

Retten slo fast at tiltalte slo først, og dermed ikkje hadde grunnlag for å slå i nødverge.

Mannen blei dømt til å betala ei bot på 9600 kroner. Sakskostnadar på 2000 kroner kom i tillegg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.