Lokal | 20. mai 2013

Hamna på taket på Lepsøy

To kameratar kom uskadd frå ei utforkjøring på Lepsøy måndag ettermiddag.

Hamna på taket på Lepsøy
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. mai 2013 19:11

Måndag i 20.30-tida kom melding om bil på taket på Lepsøyvegen.

Brannvesenet, ambulanse og politi rykte ut til ulykka, som var utan personskade.

– Vi var på veg til fotballtrening, fortel passasjeren til Midtsiden.

Bilen hadde retning frå Øyane då dei to møtte ein bil i ein krapp sving.

Volvoen dei to sat i bremsa, men dei klarte ikkje å unngå å hamna opp på ein murkant og velta ut på ein liten parkeringsplass ved eit naust.

– Det ser ikkje ut som om dei har hatt stor fart. Heldigvis gjekk det fint med begge to, seier Terje Håvardstun, redningsleiar frå Os brannvesen.

Politiet var på staden, men opprettar ikkje sak på utforkjøringa.

– Det er ikkje mistanke om høg fart og vi ser på dette som eit uhell, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.