Hamna utfor Ulvenvegen
Utforkøyring på Ulven og kollisjon ved Svegatjørn.
Vinteren er på veg til Os, og den første centimeteren med snø var søndag kveld i ferd med å legga seg.
Det skapte utfordringar for enkelte.
Trøbbel i trafikken? Send informasjon og bilde til tips@midtsiden.no
Litt før klokka 21 fekk Midtsiden tips om bil i grøfta i krysset mellom Ulvenvegen (Ulvensletta) og Lyseklostervegen.
– Der blir den nok ståande ei stund, skriv meldar, og legg til at ho låg bak ein tyskregistrert bil som heldt 10 km/t gjennom Åsen.
Då Midtsiden kom til staden hadde bilen likevel fått fast grunn under dekka.
Alle uskadd
– Eg kom frå Kolskogen då eg fekk sleng på bilen. Det var overraskande glatt, og eg hadde tydelegvis for stor fart ut frå svingen, fortel bilførar.
Den unge sjåføren hadde tre kameratar om bord. Alle var uskadd og klare til å kjempa bilen på vegen igjen. Bilen fekk mindre skadar.
Glatt over Fanafjellet
Midtsiden har førebels ikkje fått andre meldingar om uhell på glatten.
På Facebook-sida «Trafikkmeldinger Fanafjell» blei det klokka 21.30 åtvara mot vanskelege køyreforhold og manglande salting av vegen.
OPPDATERT: Kollisjon ved Svegatjørn
Klokka 06.10 fekk Midtsiden tips frå to kjelder om kollisjon i rundkøyringa ved Svegatjørn.
Ein taxi skal ha vore involvert.