Lokal | 10. aug. 2019

Hamna utfor vegen i Lekvenmarka

Politi og brannvesen rykte ut - den kvinnelege bilføraren kom uskadd frå uhellet.

Hamna utfor vegen i Lekvenmarka
Slik enda besøket hos naboen. Den kvinnelege bilføraren kom uskadd frå uhellet i Lekvenmarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 10. aug. 2019 15:47

Like før klokka fem kom det melding om at ein bil hadde hamna ufor vegen i eit nabolag i Lekvenmarka.

Politi og brannvesen rykte ut til staden.

Sikra bilen - ikkje sak

Den uheldige kvinna skal ha vore på besøk hos naboen, og var på veg heim då uhellet skjedde. Ho var åleine i bilen.

Brannvesenet fekk etterkvart sikra bilen, og politiet fekk konstantert at bilførar var edru, og har førarkort.

– Det vert ikkje oppretta sak, seier politiet på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.