Lokal | 09. jan. 2012

Hamnesjefen er fanga

Oppsøkte lege sjølv: Svanefar sumte opp elva og gjekk i land 50 meter frå Osøyro Dyreklinikk.

Hamnesjefen er fanga
Tore Kleppe, Sølvi Bugge og Gro Fjelltvedt med Hamnesjefen, som blei fanga i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. jan. 2012 12:59

Sidan før jul er det fleire som har vore urolege for helsa til "Hamnesjefen", faren i svanefamilien som har halde til i Os hamn det siste året.

– Han har ikkje markert revir som før, og han har ete lite eller ingenting når flokken har blitt mata, seier Gro Fjelltvedt.

Gro bur rett ved elva og har halde auge med svanene sidan dei kom.

Koseleg og spesielt

Dei siste vekene har Gro og Sølvi Bugge, som har kontor rett ved elva, trappa opp innsatsen for svanefamilien.

– Eg har vakse opp med elva og kan ikkje hugsa å ha sett svaner her før no. At vi har ein familie, med ungar som er fødd og oppvaksen i Oselvo, er veldig koseleg og heilt spesielt, seier Sølvi.

– Men vi er urolege for helsa til Hamnesjefen, sånn som han har oppført seg i det siste.

Dei to har fått Osøyro Dyreklinikk til å lova å sjå på Hamnesjefen - viss nokon ville fanga han og ta han inn på dyreklinikken, som også ligg rett ved elva.

Brannvesenet fekk hjelp

Os brannvesen, som rykker ut på varierte typar oppdrag, takka ja til å vera med på å prøva å fanga svana. Men tidlegare forsøk har vore mislykka, Hamnesjefen har hoppa uti i det dei har nærma seg.

I dag varsla damene pånytt brannvesenet. Men Midtsiden var først på staden.

Ved handikapbrygga i Landboden sat Hamnesjefen på land og blei mata av Gro og Sølvi. Sølvi sto klar med eit teppe og hadde huka tak i ein forbipasserande Tore Kleppe, som sto med hanskar på.

Men det var Midtsiden-redaktøren som måtte til pers. Kleppe ville overta kamera, men det var fotoforbod under seansen, i tilfelle den blei brutal - eller komisk.

Hamnesjefen såg ikkje ut til å vera verken redd eller sint, og lét seg lett fanga.

Blir sjekka for infeksjon

Sølvi tulla Hamnesjefen inn i eit teppe og bar han til dyreklinikken.

– Vi vil sjekka om han har ein infeksjon. Men før vi gjer noko meir vil vi sjå om vi får tak i nokon som har ekspertise på fuglar, og gjerne denne typen fuglar, seier veterinær Eva Kristin Lunde hos Osøyro Dyreklinikk.

Hamnesjefen hamna også på vekta, som viste 8,9 kilo.

Midtsiden kjem tilbake med meir når Lunde har fått undersøkt fuglen nærmare.

I mellomtida er ein av dei fem halvvaksne svaneungane heller ikkje med flokken sin ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.