Hamnesjefen kan likevel bli flytta

Fellingsvedtaket, som tredde i kraft i går, er sett på vent.

«Hamnesjefen» (t.h.) blir likevel ikkje avliva med det første. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. juli 2017 15:52

Fredag sa Miljødirektoratet nei til flytting av «Hamnesjefen» frå Os hamn til eit 1400 kvadratmeter stort avstengt område på Tysnes.

Dermed blei vedtaket om felling, som var gjeldande frå 23. juli og to veker fram, ståande.

Vil prøva å finna eigna stad

Etter eit møte mellom Os kommune, Svanehjelpen og Norsk Ornitologisk Forening måndag formiddag er det klart at felling av svana er utsett.

– Vi vil sjå om det er mogleg å flytta han til ein annan stad i landet. Det har ikkje vore gjort tidlegare, men i England har dei god erfaring med dette, seier ordførar Marie Lunde Bruarøy til Midtsiden.

Agnar Nordheim i Svanehjelpen i Os seier til NRK at dei no vil jobba med å få dette i boks, og at dei håper at folk i mellomtida roar seg ned og ikkje tar saka i eigne hender.

Svanehjelpen har den siste tida gått nattevakt i frykt for at nokon skal plaga eller ta livet av «Hamnesjefen».

Skal uansett vekk innan to veker

På spørsmål om det er sett nokon frist for flytting seier ordføraren til Midtsiden at dersom det ikkje er funne ei løysing før dei to vekene fellingsvedtaket er gjeldande, blir det avliving.

Det betyr at «Hamnesjefen» uansett er vekke frå Os hamn seinast søndag 6. august.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.