Andris Hamre går frå Midtsiden til nyoppretta stilling som «supersaksbehandlar» i rådmannen sin stab. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Hamre tilsett som rådgjevar for rådmannen

Os kommune styrkar staben, Midtsiden får viktig rolle å erstatta.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Andris Hamre, som har vore journalist i lokalavisa Midtsiden sidan våren 2010, er tilsett i nyoppretta stilling som rådmann Christian F. Fotland sin nærmaste rådgjevar.
Han fekk tilbod om stillinga onsdag og har takka ja til jobben.

– Hamre blir det eg i budsjettkonferansen i haust, då eg ytra ønskje om å oppretta denne stillinga, kalla «supersaksbehandlar». Han skal kunna skriva saksbehandling innan alle fagområde, han blir den einaste saksbehandlaren som rapporterer direkte til rådmann, og han blir min nærmaste rådgjevar, seier rådmann i Os, og frå 2020 for Bjørnafjorden kommune, Christian F. Fotland.

– Vi er veldig glade for at Andris takka ja. Han har gjennom sin jobb hos Midtsiden blitt godt kjent med Os kommune, både ulike fag og det politiske liv. I tillegg framstår han som ein mann med gode sosiale eigenskapar, ein som vil passa godt inn i staben.

Samtidig er det med ein viss dose blanda kjensler at rådmannen tilset Hamre.

– Ved å henta ein ressurssterk person frå ei viktig lokalavis er det fare for at denne blir svekka, og det er ikkje bra for Os. Vi håper Midtsiden lykkast med å finna ein god erstattar, seier Fotland.

Hadde ingen plan om å skifta jobb

– Det har vore ei tung og vanskeleg avgjerd, og eg har måtta gå mange rundar med meg sjølv. Eg hadde inga planar om å forlata Midtsiden, men då denne moglegheita dukka opp klarte eg rett og slett ikkje å seia nei.

– Eg har følgd politikken spesielt, og Os kommune generelt, tett gjennom dei åtte åra eg har vore i Midtsiden, og gler meg til å bli ein del av laget som skal halde fram med å bygga gode tenester både i Os og etterkvart i Bjørnafjorden kommune. Det å få lov til å vera med å forma ein ny kommune, med alle dei moglegheiter og utfordringar som ligg i det, var noko av det som trigga meg.

– Gjennom mine møte med kommunen som journalist har eg lært den å kjenna som ein framoverlent, energisk og entusiastisk organisasjon, med masse kjekke medarbeidarar som brenn for å jobben sin. Det miljøet gler eg meg til å bli ein del av!

– Samtidig så er det med stort vemod eg over sommaren forlet Midtsiden. Det å få lov til å jobba tett saman med Kjetil Bruarøy, og tett på alt som skjer i Osbygda, har vore ei sann glede!

– Eg kan med handa på hjartet seia at Midtsiden har vore ein av dei beste, om ikkje den beste, arbeidsplassen eg har hatt i mi snart tjue år lange yrkeskarriere. At Bruarøy valde å satsa på meg då han skulle ekspandera er eg utruleg takksam for. Vi har hatt mykje gøy saman, og den som kjem etter meg kan gle seg.

Kan bli vanskeleg å erstatta

Underteikna vil først gratulera Andris Hamre med tilliten frå rådhuset, og Os kommune med med varpet!

Eg hadde drive Midtsiden åleine frå 2001 til eg våren 2010 dobla redaksjonen og fekk Andris Hamre med på laget, i halv stilling som ein overgang dei første månadane, i full stilling frå hausten same år. Det fungerte betre enn eg hadde våga å håpa på, der og då, og over tid.

Andris har vore ein nøkkelperson i den kompakte redaksjonen, som har lagt mellom 2,5 og 3,5 årsverk dei siste åra, og ei viktig brikke i Midtsiden si vekst mot over 30.000 unike lesarar i veka.

Stor arbeidskapasitet, høgt tempo og godt humør kjenneteiknar Hamre. Han er kunnskapsrik på mange område, han viser god forståing i vanskelege saker, og han har vore med på å gje Midtsiden eit godt ansikt ute i felten.

Eg kjem til å sakna Andris som kollega og sparringspartnar. Han blir i jobben gjennom sommaren, med unntak av nokre veker ferie.

Den ledige stillinga blir lyst ut i løpet av mai, og Midtsiden går ein spennande sommar i møte med å finna ein erstattar for Hamre.

Er vi heldig med søkarane og dyktig i tilsetjingsprosessen så kan fornying i redaksjonen skapa noko positivt for lesarane våre.

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør

Fleire saker

  • Fekk mykje å jubla over

    22. juli 2018

    Lysekloster starta svakt mot Stord, men så slo den etterkvart berømte ketsjupeffekten inn.

  • Gøymde seg på taket

    22. juli 2018

    Oppdatert: To menn i 20-åra tok seg opp på taket på Hamnechefen. Den eine prøvde å gøyma seg for politiet då dei kom. Eigaren fann narkotika.

  • Tre har mista lappen på kort tid

    22. juli 2018

    Torsdag tok politiet for tredje gang på kort tid beslag i eit førarkort ved den nye Spar-butikken på Kloppamyra.

  • Tok skilta til gjengangar

    21. juli 2018

    Politiet klipte skilta på ein bil i Hegglandsdalen laurdag då føraren fleire ganger hadde køyrd utan lov.

  • Her blir podtellet levert

    21. juli 2018

    Bildeserie: No kan du overnatte i hamna uten å bli sjøsjuk av bølgene. – Eg reknar med at vi opnar måndag, seier Hans Parnefält.

  • Villaksen har «stempla inn» i fjorden

    21. juli 2018

    Lyttebøyar i fjorden avslører smolten frå Oselvo si vandring. 

  • Tørke, mattryggleik og jordvern

    21. juli 2018

    Lesarinnlegg: Tørkekrisa viser til fulle kvifor det er viktig å verna om matjorda vår, skriv Gisle Hesjedal.

  • – Blei dårleg då eg såg det

    20. juli 2018

    Kommunen ber foreldre og "nabokjerringa" halde auge med og sjekke leikeplassen før dei sender ungane dit.