midtsiden

Hamstrar kunst

Per Grieg sr si kunstsamling veks i takt med framdrifta i byggeprosessen til Os kunst- og kultursenter. - Eg handlar med OKK i tankane, seier Grieg.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bygginga av Os kunst- og kultursenter er i gang, og mannen som starta det heile, gåvegjevar Per Grieg sr, er førebudd på å innreia museumsdelen.

I brosjyren som blei delt ut i fjor sommar, fortalte Grieg om kva kunst han har i samlinga, og kva han vil stilla ut på Os:

Fra Thaulow til Astrup
I samlinga som Grieg vil stilla ut i det komande museet finn vi kunst av blant anna ein av dei mest kjente norske kunstnarane frå 1800-talet, Fritz Thaulow (1847-1906), nasjonalromantikaren som blant anna har måla ”Lyshornet fra Bergen” i 1836, I.C. Dahl (1788-1857), nyromantiske Nikolai Astrup (1880-1928), naturalist Christian Krogh (1852-1925) og kunstnaren som målte ”Fyr på den norske kyst” som pryda baksida av 1000-lappen frå 1975-1981, Peder Balke (1804-1887).
– Blant måleria som blir stilt ut på Os er ”Nordkapp” av Balke og ”Kyststasjonen” av  Thaulow, sa Grieg i 2008.

På "handletur" med høg frekvens
Fredag var det offisiell byggestart på tomta, og dette for naturlegvis mykje merksemd. Men korleis er det for mannen som vil stilla at store delar av kunstsamlinga si i museumsdelen, at det faktisk nærmar seg tid for innreiing?

- Har du byrja å sortera ut kva du vil visa på Os?

- Ja, det har eg. Då vi bygde kontorbygget vårt i Bergen, var utforminga av dette med tanke på at det skulle vera ein passande stad å stilla ut kunst. Og det skal det framleis vera. Delar av samlinga skal stå i Bergen, delar på Os, og så skal dette rullerast litt på, i tillegg til gjesteutstillarar på museet på Os.

- Kor ofte kjøper du kunst?

- Nesten kvar dag, seier Per Grieg og ler.

- Ganske ofte i alle fall. Sist eg kjøpte eit maleri var i førre veke. Det hender at kjem over kunstverk som eg ser at "dette kjem til å passa på Mobergsneset" fortel samlaren og gåvegjevaren Per Grieg sr.

Fleire saker