Han blir ny brannsjef i Bjørnafjorden kommune

Eivind Hovden overtar etter Stein Gjøsund og blir sjef i Os og seinare i Bjørnafjorden kommune.

Eivind Hovden, her då han leia trening av spesialstyrke i Sivilforsvaret på Ulven i 2017, blir ny brannsjef i Os. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. juni 2019 10:01

Eivind Hovden er tilsett som brannsjef for Bjørnafjorden brann og redning, fortel Os kommune i ei pressemelding i dag.

Hovden kjem frå stillinga som leiar for operasjon i Hordaland Sivilforsvarsdistrikt. I fjor leia han storøvinga på Lysøen, der blant anna politiet og Os brannvesen deltok.

• Les òg: Trener ny spesialstyrke (2017)

Hovden startar i jobben i løpet av august. Formelt er han tilsett som brannsjef i Os kommune, før han blir brannsjef i Bjørnafjorden kommune frå nyttår.

– Vi gler oss til å få Eivind med på laget, seier Nils-Petter Borge, framtidig assisterande rådmann i Bjørnafjorden kommune.

I april blei det kjent at Stein Gjøsund, som har vore brannsjef i Os sidan 2003, ikkje ville søkja på stillinga som brannsjef i Bjørnafjorden kommune. Gjøsund får ei anna rolle i den komande samanslåtte kommunen og går, etter det Midtsiden kjenner til, av med pensjon i løpet av 2020.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.