Den amerikanske blueslegenda Johnny Winter kjem med band til Osøren Jazz- og Bluesfestival (pressefoto)
Den amerikanske blueslegenda Johnny Winter kjem med band til Osøren Jazz- og Bluesfestival (pressefoto)

– Han er ei legende!

– Endeleg! VI har prøvd i fleire år å få blueslegenda Johnny Winter til Os, i år kjem han, jublar Gunnar Nagell Dahl når han lanserar årets festivalprogram.

Andris Hamre
03. mai 2013 - 15:05

Osøren Jazz- og Bluesfestival blir i år arrangert 27. til 30. juni på fleire speleplassar i Os. Fredag lanserte festivalen årets program med fleire nyhende og trivlege gjensyn.

– Årets headliner blir Johnny Winter Band frå USA.

– Han er ei blueslegende med lang fartstid, og som vi har freista å få til Os i mange år.

– I år har vi endeleg lukkast, smiler Gunnar Nagell Dahl, fungerande festivalsjef.

Sjå ein tidleg Johnny Winter her (opptak frå Dansk TV i 1970).

Blueslegenda er på ein verdsturné med bandet sitt og kjem til Os og Oseana laurdag 29. juni.

– Trivdes så godt

Ein anna som også tek turen over dammen er kanadiske Wolf Mail.

– Han var hjå oss første gong i fjor og var fantastisk god.

– Han tykte det var så kjekt på Os at han hadde lyst til å koma tilbake og vera med heile helga.

– Wolf Mail kjem til å stå for opninga, men kjem og til å vera med i forskjellige settingar, mellomanna på workshops, fortel Nagell Dahl.

Spennande jazztalent

For dei jazz-interesserte har festivalen fleire godbitar å by på. Washamba som har tatt Oseana-foajeen med storm dei to siste åra kjem igjen.

– Tillegg har vi fått Elizabeth Lid Trøen på programmet.

– Ho er ein svært spennande nykommar på den norske jazzscena og imponerte stort på Vossajazzen tidlegare i år.

På vårsleppet

Representantar for Osøren Jazz- og Bluesfestival blir å møta i Os sentrum laurdag kor dei presenterar årets program og fortel om artistane.

– Billettar blir i dette augeblikk lagt ut på Ticketco.no, så det er berre å kjøpa, reklamerar Nagell Dahl avslutningsvis.

På programmet

Årets festival har eit omfattande program:

Torsdag: Jam på Peppes.
Fredag: Wolf Mail, Cruise med Frigaard, Elizabeth Lid Trøen,  Magnus Berg BluesBand, Bergen Blues Band, Hereide & the Bluesgangsters, David Fields Band.
Laurdag: Cruise med LadyShave Experience, BluesLunsj, Matiné med Buzz of Touble/Papa Slide og fleire lokale band, Young Collection, ORBO, Wolf Mail Band, Washamba, Frigaard, Johnny Winter Band.
Sundag: Kyrkjekonsert med Gina Aspenes.

Spelestader: Peppes, Oseana, Midthordaland og Os kyrkje