Han ser muskelskaden din

Naprapat Aleksander Lindkvist aukar bemanninga etter to gode år på Kuventræ.

Ultralyd er eit viktig verktøy for naprapat Aleksander Lindkvist. (Foto: Erlend Haukeland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. okt. 2017 10:31

Bildeserie:

Presis behandling, også i djupna. (Foto: KVB)
Motbakkebeina til Klas Færøvik er blant dei som er på service på Kuventræ. (Foto: KVB)
– Skadeopphalda blir svært korte når eg får behandling, seier Færøvik. (Foto: KVB)
Rehabspesialisten Os har utvida med Trine Lise Haukedal. (Foto: KVB)
Før- og etterbilde av same muskel viser framgang. (Foto: KVB)
Presis behandling, også i djupna. (Foto: KVB)
Motbakkebeina til Klas Færøvik er blant dei som er på service på Kuventræ. (Foto: KVB)
1 av 5
Motbakkebeina til Klas Færøvik er blant dei som er på service på Kuventræ. (Foto: KVB)
– Skadeopphalda blir svært korte når eg får behandling, seier Færøvik. (Foto: KVB)
Rehabspesialisten Os har utvida med Trine Lise Haukedal. (Foto: KVB)
Før- og etterbilde av same muskel viser framgang. (Foto: KVB)
Presis behandling, også i djupna. (Foto: KVB)

Vinteren 2015 opna han klinikk på Kuventræ. Men det er ikkje berre fotballspelarane til Os og Nest-Sotra som har nytte av Rehabspesialisten Os AS sine tenester.

– Rygg- og nakkeproblem er som oftast 70 prosent av det naprapatar jobbar med. Hos meg er det gjerne 50/50 rygg/nakke og idrett. Mange av dei eldre som kjem opp her med vond rygg, skuldre eller kne, seier dei synest det er fint å koma til Kuventræ.

– Eg er glad for starten eg fekk her hos Os Fotball, at eg både fekk lokale til å opna klinikk her og for avtalen med idrettslaget og med Nest-Sotra, som no kjempar om comeback i OBOS-ligaen.

Blei redd første veka

Då klinikken og avtalen med Os Fotball var på plass var Aleksander ferdig med siste eksamen. Hovudoppgåva blei levert i mai, så kom han heim som «Dr. of Naprapathy» etter idrettsstudier i Sogndal og fire år i Stockholm.

– Det var godt å koma heim og åpna klinikken, med ein del å gjera på før sommarferien, men ein litt skremmande start på hausten.

– Då eg kom tilbake frå ferie gjekk det ei veke utan at telefonen ringde ein einaste gong. Eg var rett og slett livredd! innrømmer gründeren.

Veka etter byrja timebestillingane å koma og kort tid seinare var det fulltidsdrift ved den nye klinikken.

– Og sidan har det vore kø og venting på å få time?

– Nei. Pågangen har halde seg stabilt oppe, og det har vore travelt. Men eg prøver å halda ventetida på eit minimum og jobbar heller litt utover kveldane.

Når det «umoglege» blir synleg

Naprapati blei grunnlagt av kiropraktor Dr. Oakley Smith (1880-1967) i starten på 1900-talet som helsefremjande manuellbehandling av muskel- og leddplager.

– Kva er det enklaste å behandla og kva er det mest kompliserte?

– Det enklaste er kanskje akutte låsingar i rygg eller nakke, rett og slett fordi det går over av seg sjølv. Det seier eg naturlegvis òg til dei som kjem her. Dei blir bra igjen litt fortare med behandling, men det er sjeldan nødvendig.

– Det meir kompliserte kan vera skadar som folk har gått med i årevis. Det kan verka som om det er umogleg å veta kva kva som er gale. Men dette er også dei som blir mest glade når dei merker framgang.

Aleksander har blant anna spesialisert seg på, og investert i utstyr til å gjennomføra diagnostisk ultralyd.

– Å kunna sjå problemet, og visa det til dei som slit, og i løpet av behandlinga visa framgang, er godt både for meg og for dei som jobbar med å bli bra igjen.

– Kor mange behandlingar er det vanleg å ta?

– Eg ønskjer å få folk sjølvgåande så fort som mogleg. Etter behandling tar eg dei med ned på Actic og lager eit treningsprogram. Dette kan dei gjennomføra heime eller på eit anna treningssenter, om dei frå før har utstyr er medlem andre stadar, men for meg er det svært nyttig å kunna gå ned to etasjar og visa heile programmet.

Utvida kapasitet

I sommar fekk Aleksander utvida staben med naprapat Trine Lise Haukedal. Trine Lise er frå Bergen og studerte saman med Aleksander i Stockholm. Då Aleksander flytta til Noreg igjen blei ho verande igjen for å jobba på ein stor klinikk i Stocholm, leia av ein av læraranne dei to hadde ved Scandinavian College of Naprapathic Manual Medicine. Naprapati har vore autorisert i Sverige sidan 1994 og Trine Lise har også vore i turnus ved eit sjukehus i den svenske hovudstaden.

– Vi har halde kontakten og då eg no ville heim igjen passa det bra med jobb i Bergen og Os, seier Haukedal.

No jobbar ho tre dagar i veka hos Ryggklinikken i Bergen og to dagar på Os.

– Eg har to ettermiddagar i veka på Ågotnes hos Nest-Sotra, då passa det bra med utvida kapasitet desse dagane. Det blir dessutan ei gradvis auke, noko som er gunstig for eit lite firma som mitt, seier Lindkvist.

– Sparer meg for lange skadeopphald

Motbakkeløpar Klas Færøvik (47) er ein av idrettsutøvarane i Os som har nytte av naprapat.

– Eg nyttar meg av fleire flinke behandlarar i Os, blant anna for ein nakke eg har slite med i mange år. Når det kjem til skadar og vedlikehald på beina merker eg at Lindkvist sparer meg for mange skadeopphald. Det han gjer med nålene sine, etter at han djupt i muskelen finn skadar og knutar med ultralyd, er utruleg effektivt.

Laurdag 9. september tok Klas 2. plass i det over 8 km lange hinderløpet Trolljegeren på Fløyen. Seks dagar seinare skulle han springa 80 km på Hardangervidda med Opptur Motbakkeklubb.

– Eg kunne knapt gå etter Trolljegeren, og eg veit at eg av og til ber om det umoglege, men eg fekk god behandling og var heilt fin i beina til det var 5 km igjen av turen på Vidda.

Frå kroniske smerter til hagearbeid

Blant kundane som har vore innom klinikken er alt frå unge spelarar med vondt i ein hæl eller eit kne, til vaksne som har slite i årevis med gamal skade eller slitasje. Fleire blir vist til naprapat også ved symptom som ved første augekast gjerne ikkje blir sett på som muskulære, for eksempel med hodepine eller svimmelhet.
Inger Bjørkhaug hadde problem med skuldrene og blei «lurt» til å ta ein time hos Lindkvist.

– Dotter mi var så nøgd med han, og visste at eg har slite med skuldrene i mange år, seier Inger.

Dottera sa ho hadde bestilt ein time til seg sjølv, men ikkje hadde tid til å ta den, og sendte mora i staden.

– Det er lenge sidan eg fekk problem med skuldrene. Dei var nok slitne av mykje statisk arbeid som kassadame, på slutten før eg pensjonerte meg så var det vanskeleg å henta ting som sto på dei øvste hyllene, det var som om eg brått mista kreftene og då mista eg det gjerne i golvet.

Då Inger kom heim blei ho sitjande med smerter. Den eine skuldra har vore operert, men begge har verkt, også etter to år med fysiskalsk behandling. Men så gjekk ho til naprapaten på Kuventræ.

– Etter fire behandlingar hos Aleksander merka eg tydeleg forskjell. Eg gjekk nokre gongar til, og så fekk eg eit treningsprogram som eg gjer heime med eit strikk.

– Omtrent alt er enklare no. Før kunne eg ikkje vaska vindauge ein gong, no kan eg stabla ved og jobba i hagen, seier Bjørkhaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.