Kultur | 05. mars 2017

Han skulle berre feira 40-årsdagen sin ...

Han overraska gjestane med Snap! i bryllaupet. No fyller Helge Andersen 40 og inviterer 500 på fest med sju ulike band og DJ-ar på scenen.

Han skulle berre feira 40-årsdagen sin ...
Sjur og Ausekarane er blant banda på scenen når Helge Andersen feirer 40-årsdagen sin med kjente og framande gjestar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. mars 2017 22:07

Helge Andersen frå Baldersheim, som frå 2007 til 2009 dreiv utestaden Bar2Be i Os, lagde stor fest på nystarta utestad då han same år fylte 30. Turbostipend sto på scenen og lagde rikeleg med liv.

Etter at han selte Bar2Be, der han blant andre hadde Ingenting og Dr Alban på plakaten, blei ferjekapteinen medeigar både på Lille i Bergen og i Det Midthordlandske Dampskibsselskab AS, selskapet som eig veteranbåten MS Midthordland.

I 2005 lagde han «Back to the 90's»-fest på Verftet, med Haddaway, Snap! og Dr Alban. Så samarbeidde han med eit større produksjonsselskap frå Oslo, som lagde ein større 90-talsturné, «We love the 90's», i ulike byar. I Bergen var det konsertar i Vestlandshallen og Bergenshallen i 2011 og 2012, då med blant andre Scooter, 2Unlimited og Vengaboys på scenen.

• Les òg: Funky ferjekaptein

– Oslo-gjengen bak «We love the 90's» held framleis på. Det er allereie utselt til festen deira i Bergen i slutten av april, seier Helge.

Sjølv har han ikkje heilt gitt seg med å invitera store namn frå 90-talet til å spela, men no har det vore i privat samanheng.

Overraska med Snap! i eige bryllaup

Då Helge gifta seg var det fram med gamal kontaktliste igjen. Ingen av gjestane visste at Bjørn Jensen frå Ausekarane og Vinskvetten, den livlege trubaduren Goggen og sjølvaste Snap! skulle stå for underhaldninga.

Snap! låg på 2. plass på Billboard med sin første hit «The Power» på slutten av 80-talet.

– Gina Aspenes song i kyrkja, og då vi hadde ledig sete grunna sjukdom og fråfall, inviterte vi ho med på middagen i ungdomshuset i Baldersheim. Ho blei litt overraska då eg spurde om ho ville synga med Snap! fortel Helge.

No blir det Helgefest

Laurdag 25. mars feire Helge 40-årsdagen sin. Den gode stemninga frå bryllaupet gav inspirasjon til å samla endå fleire til bursdagsfest.

– Det tok fullstendig av i bryllaupet, og mange av dei som var gjestar sa klart ifrå at vi burde gjera noko tilsvarande ein annan gong. Men det er grenser for kor mange det er plass i i ungdomshuset, seier Helge, som like greit hyra Clarion Bergen Airport Hotel.

– Salen vi disponerer har plass til 700, men eg tenker 500 er passeleg. Opplegget er praktisk, med plass til overnattande gjestar, samtidig som det blir litt stil over det når vi er på hotell. Vi kom fort opp i over 200 som ville vera med, og tar no imot opptil 300 til.

Sju band på scenen

Festen blir ope hus, for dei som har billett, som ein oppgardert venners venner-kveld, eit spleiselag av ei bursdagsfeiring med sju band og artistar på scenen.

Desse er:
• Ausekarane
• Goggen
• Stisema
• Sjur
• TBA (frå Tysnes)
• Infinity
• Reset

– Infinity og Reset, du mimrar framleis frå 90-talet?

– Ja, det var tida då eg var 18-20 år og mykje på fest, og det er mange på min alder som har gode minner frå den fantastiske hitkavalkaden til desse banda.

Var du ungdom på 90-talet og glad i pop? Høyr «Happy» av Infinity på YouTube.

– Du har, ved sidan av å vera sjømann, vore i utelivsbransjen sidan '96, og DJ endå lengre, speler du nokre instrument sjølv?

– Eg starta som DJ i ungdomshuset heime i Baldersheim, på den tida då det ikkje var øl-sal i Fusa.

– Musikk har alltid interessert meg, og eg har verkeleg prøvd å læra meg å spela noko. Eg var i korps som unge, og eg trur eg var innom kvart einaste instrument, men det var håplaust. Eg måtte nøya meg med å vera DJ og å vera publikum.

– Men du kan ha det veldig kjekt med god musikk utan å spela sjølv, seier Helge Andersen, klar for å hoppa inn i 40-årsalderen med storfest på Flesland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.