Sport | 23. apr. 2012

Handballbronse til Os

Os Turn sine J13 tok i helga bronse i fylkesmeisterskapet etter sluttspel i Slåtthaughallen.

Handballbronse til Os
Marielle Engelsen tek i mot pokalen for 3. plassen på vegne av laget (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 23. apr. 2012 09:25

Os gikk gjennom serien med berre to tap og kvalifiserte seg med det til fylkesmeisterskapet for 13-åringar som vinnarar av pulja si. Laurdag møtte dei dei andre puljevinnerane til sluttspel i Slåtthaughallen.

- Det er litt lenge sidan serien var slut, så vi fekk det tøft fordi vi mangla litt kamptrening, fortel trenar Daniel Røen.

Motstandarane Fyllingen og Kringlebotn har sidan serieslutten båe delteke i Petter Wessel Cup i Larvik og var dermed meir samspelte enn Os sine jenter i dei to kampane i sluttspelet.

Gode keeperar

Os måtte sjå seg slått 9-16 av Kringebotn og 11-16 av Fyllingen som tilslutt blei fylkesmeistrar etter å ha vunne 19-14 i det interne oppgjeret.

- Vi spelar godkjent bakover og har to strålande keeperar i Hannah og Marielle.

- Framover på banen har vi mykje å gå på. Jentene blir litt stilleståande og utan initiativ, noko eg trur kjem av den manglande kamptreninga den siste tida, forklarar Røen.

Talentfulle jenter

Fem av jentene som var med i fylkessluttspelet spelte i haust også kretsfinalane i fotball for årsklassa.

- Det er ikkje tvil om at det er ein sporty og talentfull gjeng vi har i 98-årgangen.

- No skal det blir veldig spennande å sjå korleis vi gjer det når vi reiser til Storhamar Cup i slutten av mai, avsluttar trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.