Sport | 01. aug. 2017

Handballgutar puljevinnar i Norway Cup

Kameratgjengen i «Gutta Krutt FC» er blant laga frå Os som har gjort det best i innleiande rundar.

Dei fleste i kameratgjengen speler handball, men klarer seg heilt fint i fotball. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. aug. 2017 14:39

På bildet, bak f.v.: Torben Thuen (coach), Even Hilland Lærum, Kasper Haugland, Erik Vaktskjold og William Lekven. Framme; Sondre Midtbø, Peder Saltskår, Mats Brunvatne ('98), Peter Bredal ('04) og Mons Sandmo.

I dag er siste dag i innleiande rundar i årets Norway Cup.

10 lag frå Os kommune

Os Fotball stiller med 6 lag (G14, 2 x G15/16, 2 x G17 og G19), i tillegg til J15, som er samarbeid mellom Os og Nore Neset. Nore Neset stiller i tillegg med to J14-lag, eit som speler 11-ar og eit som speler 7-ar.

I tillegg har ein kameratgjeng, som i hovudsak består av handballspelarar fødd i 2001, slått seg saman og meldt seg på som Gutta Krutt FC, formelt påmeldt i G15/16 7-ar under Os-klubben Jadakameratene.

– Dei fekk dispensasjon til å ta med seg Mats Brunvatne, som ikkje har spelt fotball før, og er tre år eldre. I tillegg har dei med ein ven av familien til ein av spelarane, Peter Bredal, som er fødd i 2004, fortel lagleiar Torben Thuen.

Jobba inn 40.000 kroner

Thuen er storebror til William Lekven og er imponert over både prestasjonane i kamp og førebuingane.

– Gutane var fast bestemte på at dei ville til Norway Cup, og har ordna med alt sjølv. Dei har også jobba inn 40.000 kroner på dugnad før avreise.

Sportsleg har det gått over all forventing.

Etter to sigrar, éin uavgjort og målforskjell på 12-2 står dei no som puljevinnarar.

– Dei burde jo trent saman før avreise, men det einaste dei har fått til er ein treningskamp mot eit av Os Fotball sine breiddelag. Den vann dei.

Det høyrer med til historia at fleire av spelarane har trent fotball fram til for eitt eller to år sidan.

Sikra kvartfinale allereie måndag

Os stiller berre med eitt juniorlag i år, då fleire sisteårsjuniorar ikkje var interesserte i cup, og dei frå A-laget ikkje kunne lånast ned. G19 sitt breiddelag har fått ein tøft start, mens dei som i serien speler G19-1 har gjort reint bord.

– Vi tok 2000-årgangen, og nokre frå '01, og meldte dei på i G17. Vi blei klare for kvartfinale allereie i går, seier trenar John Ole Johannessen.

Etter 7-0 over Bremnes slo dei tyske Germania Salchendorf 3-0. Kampen mot botnlaget Molde i dag, som ikkje hadde noko å seia for Os, endte 2-2.

Dei vann uansett pulja og har no fri både onsdag og torsdag.

Grunna rekkefølgen i kva trenar som meldte på kva lag blei Os 1 til Os 2 i påmeldinga. Os 1 starta med uavgjort og tap, men vann i dag og hamna på 3. plass, klar for B-sluttspel.

Spennande dag for Nore Neset-jentene

14-åringane frå Nore Neset, som tidlegare har vunne både Sør Cup og kretsmeistertittel i fjor - og vårserien i 1. divisjon i år, fekk ein tøff start.

– Jentene var så nervøse at eg kjente dei nesten ikkje igjen. Rett nok skåra vi første målet, men vi tapte 1-5, fortel Morten Døsen.

Andre kamp var dei tilbake i kjent stil og vann suverent.

I ettermiddag treng dei truleg siger for å gå til A-sluttspelet med 11-arlaget. 7-arlaget er allereie i B-sluttspel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.