Politi | 23. jan. 2026

Hane på rømmen

Politiet håpar hanen er gjenforent med hønsa sine.

Hane på rømmen
Torsdag tok ein hane frå Os pause frå hønsegarden, og den uannonserte lufteturen skapte merksemd heilt til politistasjonen. Illustrasjonsfoto: Ein meir lovlydig hane på Bergstøgård.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 23. jan. 2026 11:37

Torsdag rundt klokka 14 fekk politiet melding om ein hane som hadde gått seg vill ved Lunde barneskule.

Om hanen var på avvegar eller berre var ute på eventyr i nabolaget, er uvisst.

Meldar opplyste i alle fall at vedkomande sjølv ville prøve å finne rette eigaren.

– Politiet har ikkje fått fleire oppringingar i saka, så forhåpentlegvis er hanen gjenforeint med både eigar og høns, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon.

Treng du meir fjær og pels på fredagen? Sjå relaterte saker under.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om