På laurdag opnar Åse Berit Skeie Ulltang soloutstilling i Vognhallen. «Nye landskap» er inspirert av eit lengre opphald i Korea. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

Hanji og sterke fargar i Vognhallen

Åse Berit Skeie Ulltang vil visa deg Korea slik ho opplev det.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Kunstnar Åse Berit Skeie Ulltang har litt av eit reisebrev med seg når ho laurdag opnar soloutstilling i Vognhallen.

Eit opphald i Sør-Korea ligg til grunn for utstillinga «Nye landskap»

10 månader vart fem år

Ulltang er inga ukjend person i kulturlivet i Os. Ho var i si tid involvert i oppstarten av Vedholmen Galleri, og ho var seinare med i etableringa av Galleri Oz på Kyrkjeflaten.

I botn er ho sjukepleiar, med vidareutdanning som karriererettleiar og gestaltrettleiar.  

– Eg var i store trekk klar for ei spanande stilling på Ravneberghaugen, men brått fekk mannen min eit jobbtilbod i Korea. Tilbodet kom på ein måndag - fredagen hadde vi takka ja til det som skulle bli eit ti månaders opphald i Korea. 

Dei ti månadane skulle fort bli år.

Kontrakten som innebar arbeid i oljebransjen vart fornya fleire gonger, og då Ulltang og mannen returnerte til Os like før jul i fjor, hadde dei vore i Korea i fem år og tre månader. 

Visste lite

«Nye landskap» er heilt klart eit resultat av Korea-opphaldet, fortel Ulltang. 

– Eg visste heller lite om landet og kulturen då vi flytta ned dit, men eg har verkeleg farta land og strand rundt den tida eg var der.

Ulltang ser på seg sjølv som ein person som likar utfordringar og endringar, og ho seier sjølv at ho trivst best når ho ikkje heilt har kontroll. 

– I den skapande prosessen med kunst, er dette også viktige element - som å oppdaga noko nytt og sjå kva som skjer når nye fargar møtes.  

Korea er spanande og kontrastfylt

Ulltang fortel at ho trur mange automatisk tenkjer Japan og Kina om Søraust-Asia. Turistane trekk òg i mykje større grad til desse to landa, og ikkje til Korea, fortel ho. 

– Sør-Korea har vore gjennom ei rivande utvikling med åra. I 1969 var landet mykje på den same staden som den fattige delen du framleis finn i Nord-Korea. Samstundes er det eit land spekka med gamal kultur og gamle tradisjonar.

Nettopp èi av desse gamle tradisjonane fatta Ulltang si interesse; 

– Kunsten å laga «Hanji», eller koreansk papir om du vil, finn eg utruleg fascinerande. Dette er ein eldgamal tradisjon som framleis vert halde i hevd i Korea. Det vart med respekt og audmjuke at eg fekk sjå korleis papiret vert til. Tidlegare vart papiret, som er rekna å ha ei levetid 1000 år (silke varar berre i 500 år), mellom anna nytta som vindauge, golvbelegg og tapet i hus. Det vart rekna som perfekt materiale til å halda husa varme om vinteren , og kjølege om sommaren. 

Eit blikk inn i mitt Korea

Til utstillinga i Vognhallen har Ulltang førebudd collage og bruksgjenstandar av hanji. Tida i Sør-Korea vart med andre ord nytta til å ta kurs i tradisjonell koreansk måleteknikk på rispapir og kurs i å laga bruksgjenstandar av hanji. 

– Vel så mykje som at eg vil visa fram kunsten min, vil eg òg visa fram den koreanske kulturen. Hanji som materiale tiltalte meg umiddelbart, og dette vil eg no dela med publikum. 

Ulltang har faktisk stilt ut i Sør-Korea òg - den utstilllinga vart så godt motteken at det leia til to nye utstillingar. 

– Eg kjem til å vera til stades kvar av dei ni dagane utstillinga står her i Os, så om folk vil koma inn og drikka kaffi med meg, skal dei få eit innblikk i Korea, og koreansk kultur av meg. 

Og grunnen til utstillinga berre står i ni dagar? 

I april dreg ho og mannen til Spania. Der ventar eit nytt prosjekt for ektemannen, og om planen held, vert dei vekke i eitt år denne gongen.

Kanskje det vert kunst på spansk vis neste gong Ulltang er heime att i Os?

På laurdagens vernissage vil elevar frå Kongshaug musikkgymnas spela. Arne Mæland og Ingebjørg E. Astrup vil stå for helsing og velkomsttale. 

Utstillinga kan du sjå i Vognhallen fram til 31.mars.

 

Fleire saker