Lokal | 22. mai 2019

Hanne og Bosse gir seg

Overlet konditori og musikkbar til nye krefter.

Hanne og Bosse gir seg
Avsluttar med eit stort smil - Hanne Hansen og Bjørn «Bosse» Sigurjonsson ser attende på to travle, men kjekke år på Hanne's Konditori & Musikkbar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 22. mai 2019 10:42

I februar 2017 blei det klart at konditormeister Hanne Hansen og mannen Bjørn «Bosse» Sigurjonsson ville skapa nytt liv i Lepsøe-lokalet.

Fredag 28. april var det opning, og konditoriet markerte seg tidleg som ein viktig kulturarena, med over 40 konsertar dei første 5 månadane.

Seinare har det blitt utvida med både jam og sportsbar, og i mars fortalte Bosse om ein rekordgod vinter.

I dag fortel Hanne og Bjørn at dei vil gi seg.

Lei og tidsklemme

– Eg var kjende rett og slett at eg byrja å bli lei. Eg er av den typen som likar å starta opp ting, og så kjem det gjerne ei tid kor eg kan finna på å gje stafetpinnen vidare.

– No skal eg rett og sletta leva livet og fokusera på andre ting og prosjekt, seier Bjørn, som har drive firma i andre bransjar tidlegare.

Hanne har jobba som konditor i over 20 år, og held fram som tilsett i konditoriet og musikkbaren i Brugata.

– Eg skal halda fram her, men i mykje mindre grad, seier Hanne. Eg innrømmer lett at konditori-drifta vart mykje større og meir omfattande enn det vi trudde det skulle bli. No ser eg fram til eit liv meir som småbarnsmor enn jobb frå fire til fire seks dagar i veka.

– Vi er stolte

Både Hanne og Bjørn ser ut til å ta avgjerdsla med knusande ro, og ikkje minst med eit stort smil.

– Vi er begge utruleg stolte over kva vi fekk til på to knappe år, og no veit vi at framtida til staden er i trygge hender.

Første juni tek Kristine Lygren Lien over drifta, og framleis vil du få tak i konditor-varene til Hanne.

På spørsmål om høgdepunkt vekslar Hanne og Bjørn mellom konsertar og då dei skifta publikums-profil tre gongar på èin dag, til opningsdagen som vart i overkant vel bra;

– Etter opninga i april 2017 sa eg til meg sjølv at; «skal det halda fram slik som dette kvar dag, vert eg ikkje gammal», fortel Bjørn med eit stort glis.

– Er det noko de kunne ønska de hadde gjort annleis, eller noko de no kjenner på at de aldri fekk gjort?

– Det vart for lite tid til kakene, kjem det raskt frå Hanne. No ser eg fram til å laga og leika med kaker - i mitt tempo. Dette er jo lidenskapen min.

– Saman er vi no berre veldig stolte over det varemerket vi har bygd opp og den samlingsstaden vi har skapt her i Brugata, avsluttar Hanne og Bjørn - med eit stort avslappa smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.