Kultur | 25. nov. 2019

Hanne sitt bidrag til peparkakebygda

Hanne Hansen hos Liens leverer hus i år òg.

Hanne sitt bidrag til peparkakebygda
Hanne legg siste hand på verket før transport til nabolokalet, der peparkakebygda denne veka blir sett opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. nov. 2019 11:42

Bildeserie:

Originalen. (Foto: KVB)
Originalen. (Foto: KVB)
Bjørn då han leverte Hanne si kyrkje til fjorårets utstilling. (Foto: KVB)
Bjørn då han leverte Hanne si kyrkje til fjorårets utstilling. (Foto: KVB)
1 av 2
Originalen. (Foto: KVB)
Bjørn då han leverte Hanne si kyrkje til fjorårets utstilling. (Foto: KVB)

Peparkakebygda i Os blir i år i Apotek 1 sine lokale i Brugata.

Frå i dag er det ankomst av peparkakebygg frå privatpersonar, barnehagar og skular.

Konditor Hanne Hansen, som i fjor leverte eit imponerande eksemplar av Os kyrkje, har i år funne eit anna ikonisk bygg å kopiera.

– Eg hadde først lyst å laga familien Walle sin bustad i Postvegen, eg liker det huset veldig godt. Men eg er ikkje så flink på proporsjonar, så då blei gamlebanken enklare, seier Hanne.

Nokon enkel versjon leverer ho likevel ikkje, alt frå taket til utelykter er i ein divisjon for seg sjølv.

Eigar og tilsett skifta plass

Hanne har jobba som konditor i rundt 20 år, og dreiv Hanne's Konditori og Musikkbar frå april 2017 til mai 2019.

Kristine Lygren Lien har overtatt som eigar, men Hanne driv framleis som konditur i kafeen.

• Les òg: Gode dagar og gode kveldar for ny drivar

I år er det kortare transportetappe for det store peparkakehuset, men damene hos Liens kvir seg allereie litt til å bera det skjøre byggverket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.