Hans Parnefält har 35 år bak seg i reiselivsbransjen. No vil han senda turistane motsett veg, til Os og områda rundt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Hans Parnefält har starta nytt reiseselskap

Etter å ha sendt nordmenn til Syden i 35 år vil han senda gjestane motsett veg.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Svenske Hans Parnefält blei overvelda då han kom til kona si heimbygd første gong, rett frå nattoget om morgonen 17. mai i 1992, til skyfri himmel og blikkstille fjord sett frå Eva sin familie sin heim i Giljavegen i Os.

– Den gong var eg reiseprodusent for Star Tour. Jobben min var å finna gode reisemål. Eg kunne ikkje tenkja meg ein finare plass å senda folk enn her, til vakre Os.

På sitt nye kontor, der Bjørnefjorden Reiselivslag ein gong heldt til, og som i 2002 blei nystarta Vitaltour sitt første kontor, har han eit rikt utval av turistbrosjyrar og avisutklipp. Utklipp frå internasjonale tidsskrift som New York Times og National Geographics som viser at Bjørnefjorden er noko for seg sjølv.

No bles han liv i gamle idear og har starta selskapet Os Travel AS.

Vellykka reise med Vitaltour

Hans hadde 25 år bak seg i reiselivsbransjen då han stifta Vitaltour AS. Han fekk med seg ein tidlegare kollega, Göran Nordstrøm, både på eigarsida (50 prosent kvar) og i drifta, då han stifta selskapet.

• Les òg: 10 år på tur

Det første flyet blei fort utselt og ekstrafly blei sett opp. I november 2002 gjekk Vitaltour sine to første turar frå Flesland, begge flya med 164 godt vaksne osingar på veg til Kypros på helse- og trivselsreise.

Turoperatøren vaks til eit firma med over 60 millionar kroner i omsetnad og rundt 2 millionar i overskot.

I 2012 valte Hans å selja aksjane sine til partnaren, Gøran, og blei kort tid seinare valt til styreleiar i Os Turnforening.

– Eg har truleg ti år igjen som yrkesaktiv. Skal eg prøva noko anna så var det nok på tide å hoppa av no. Vitaltour-skuta flyter godt og seglar stødig, eg føler det er trygt å forlata selskapet no, sa Hans for fire år sidan.

• Les òg: Frå leiarjobb til leiarverv

Året etter blei han tilsett som dagleg leiar, men i 2014 blei stillinga fjerna av styret.

Vil senda turistar motsett veg

For Parnefält er det no back to basic. Ikkje til Syden med verken Star Tour eller Vitaltour, men til å gjera noko med frøa som blei sådd den dagen han såg Os for første gong.

– Timinga bør vera rett. Turistar vil ha ekte opplevingar, det er eit grønt skifte, folk har ikkje behov for action heile tida, men dei liker å gå på tur, å vandra. Samtidig, etter fleire terrorhendingar i europeiske storbyar, har mange fokus på tryggleik.

– Eg vil, med Os som utgangspunkt, setja opp turpakkar i og rundt Os, nabokommunane og Hardanger.

Utfordringane

Som tidlegare turoperatør gjennom over 35 år har han lang erafring i å gjera seg kjent med nye destinasjonar og å setja opp reiser med utflukter. No må han gjera seg endå meir kjent i sin eigen region, Midthordland, som har Os som definert sentrum.

– Børrea (Schau Larsen) sa det så godt i eit intervju med Midtsiden i 2003; «Vår Herre har gjort sitt». Børrea har også gjort sitt, ved å utvikla Solstrand til å bli eit av dei beste hotella i verda.

– Trass i alt Os og regionen har å by på er det likevel visse utfordringar. Alt er ikkje like kjent og tilgjengeleg, alle er ikkje like fleksible eller villige til å satsa, å by på seg sjølv, å yta service - og veldig lite er kooridnert og samkøyrd. Reiselivet på Vestlandet er litt fragmentert, men det er heldigvis i ferd med å betra seg.

Parnefält håper at han, med Os Travel, kan vera ein bidragsytar, ein som kan gje tips og råd, når han syr saman pakkar for turistar som vil oppleva Midthordland, frå inst i fjordane til vest på Vestlandet.

– Med Bjørnefjorden Gjestetun, som no søkjer ny drivar og på sikt vil legga ned, minkar det òg på varme senger i det eg ønskjer å ha som utgangspunkt for fleire av reisepakkane eg vil tilby. Eg håper på eit godt samarbeid med Solstrand, men òg på at det blir fart i sakene med hotelltomta ved Oseana, og at Os kommune si komande auka satsing på turisme kan gje positive utslag for mange i næringa.

Første pakke vekte merksemd i London og Madrid

Med lang fartstid følgjer ofte store nettverk. Hans har vore i kontakt med svenske turoperatørar, blant anna som sel vandreturar til store delar av Europa (men ikkje har ein einaste vandrepakke i Noreg).

– Den eine pakkereisa eg har skissa, med utgangspunkt i Os, tar turistane vidare til både Rosendal, Ullensvang og Brakanes før retur, med vandring mellom fjord og fjell på kvar overnattingsplass.

Denne åttedagars reisa vekte merksemd på messa World Travel Market i London i haust.

– Eg er blant anna invitert til Madrid for å presentera den for ein større turoperatør.

– Det blir business to business, der eg gjer avtalar med lokale tilbydarar, set opp pakkar og jobbar med å få dei inn i programma til utanlandske aktørar.

Os Travel er i gang, selskapet blei stifta i august.

– Vi er framleis i planleggingsfasen, noko som betyr at vi er veldig villige til å lytta, om nokon har noko å selja, som kan passa inn i ein pakke med overnatting, vandring, båttur, padling eller sykling, ekte opplevingar av Vestlandet.

– Eg er òg interesserte i samtalar med dei som har idear, tankar kring turisme generelt, og er open for fleire formar for samarbeid.

– Dei første turane er snart klare for å seljast, via eksterne turoperatørar, men kanskje òg via oss direkte, til dei som vil nyta naturen vi har rundt oss.

– Du har budd ei årrekkje på Kypros og har produsert ei rekkje reiser. Kva om nokon spør deg om ein tur UT av Os, for eksempel til Syden?

– Eg har faktisk allereie hatt førespurnad, frå ei gruppe, som eg naturlegvis vil hjelpa med å finna ein god tur, seier Hans Parnefält.

• Midtsiden samleside: Reise

Fleire saker