Sport | 25. apr. 2024

Håper å selja desse 650 bukettane

Det er allereie bestemt kven Os Lions skal gi årets inntekter til.

Håper å selja desse 650 bukettane
Per Solberg var i dag og henta heile lasset med tulipanar. Laurdag skal det seljast fire plassar i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. apr. 2024 08:13

I dag køyrde ei rekkje Lions-klubbar i bergensområdet til Åsane for å henta sine porsjonar med tulipanar frå Austlandet.

Éin av dei som stilte med bil og hengar i finvêret var Per Solberg frå Os Lions.

– I morgon køyrer vi ut til bedrifter som har bestilt bukettar, så fordeler vi resten av blomane til frivillige som laurdag skal stå på stand og selja, fortel Per.

I alt har dei 650 bukettar å selja.

245 av dei skal køyrast ut til 34 ulike bedriftskundar, resten håper dei å selja i Os sentrum, på AMFI Os og utanfor to daglegvarebutikkar laurdag.

Resultat: God pengestøtte til unge

Tulipanaksjonen til Lions er landsdekkande, og går til inntekt for arbeid for ungdomar i Norge.

Slagordet lyder «Det er bedre å bygge barn enn å reparere voksne».

Dei siste åra har Os Lions gitt 15.000-25.000 kroner til fleire ulike lag i heimbygda.

Årets mottakarar

I 2021 blei det 20.000 kroner kvar til dei to korpsa Nore Neset skulekorps og Os skulekorps.

I 2022 gav dei 15.000 kroner til Os juniorbridgeklubb og 15.000 kroner til TweenSing, i fjor fekk Nore Neset idrettslag 25.000 kroner til handballgruppa.

– I år går inntektene til Os Taekwon-Do Klubb.

– Mottakar får veta det på førehand, og er med og hjelper til under aksjonen. Vi stiller med 15 frivillige frå Lions, og gler oss til å vera på dugnad saman med ein delegasjon frå taekwon-do-klubben, seier Solberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.