Håper endeleg rapport er klar om ei veke
Borgafjell Barnehage • Line Rye og Irene Ullensvang orienterte politikarane om prosessen og kommunen si rolle.
I tenesteutvalet onsdag gav kommunalsjef Line Rye og barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang ei orientering om det pågåande tilsynet med Borgafjell barnehage.
– Det har vore eit stort trykk i media og administrasjonen har brukt mykje tid og kapasitet på saka. Vi vil ikkje gå i detaljane i tilsynet siden vi forsatt er midt i det, men det er viktig for administrasjonen å orientere politikarane om kva som er kommunen si rolle i høve tilsyn og i høve lovverket vi har å halde oss til. Dette har vore vanskeleg å få fram i høve innbyggjarane, så eg håper de kan hjelpe oss med det.
– Det er inga moglegheit for Os kommune å overta drifta så lenge det er ein annan eiger som har fått mynde og mandat til å driva barnehage. Det vi kan gjera er tilsyn og å nytta dei verkemidla som er i loven, innleia Rye, som la til at kommunen også har nytta verkemidler som ikkje er i lova, då dei har hatt, og skal også i ettermiddag ha, dialogmøte mellom barneeigar og den kommunale toppleiinga, både politisk og administrativt.
– Vi har gitt klart uttrykk for at dette tykkjer vi at har tatt veldig lang tid, at vi er uroa for konfliktnivået i barnehagen og at vi vil sjå at dei tek tak i dei tinga som er grunnlaget for konflikten.
Det har også vore dialogmøter med foreldregrupper og tilsette.
Må halde seg til fakta
Irene Ullensvang gjekk gjennom lovverket og dei paragrafene som gjeld, både for barnehageeigar sitt ansvar (§7 i barnehagelova), kommunen sitt ansvar (§8) og korleis tilsyn skal og kan gjennomførast (§16).
– I den verda som eg representerer som barnehagemynde, så kan ikkje eg forholde meg til tur, følelsar, antakelsar og at nokon har høyrd noko. Eg må halde meg til fakta. Det er viktig at vi som mynde opptrer ryddig. Barnehageeigarane skal kunne stola på at vi held oss til lova og fakta. Det er viktig for å ikkje skape uro på barnehageområdet. Det er mange som følgjer med oss, poengterte Ullensvang.
Les omfattande tilsvar
Borgafjell barnehage fekk frist til 9. januar med å komma med sine kommentarar til tilsynsrapporten, kor kommunen avdekka to lovbrot. Denne fekk dei etter søknad utsett til 16. januar.
– Det er ikkje uvanleg.
– Vi sit no og går gjennom og vurderar den mottatte dokumentasjonen som er på fleire hundre sider, før vi bestemmer oss for den vidare saksgangen. Det vil ikkje vera rett av meg å seie noko meir om innhaldet i det no, men i løpet av ei vekes tid reknar eg med at vi skal vera der. Samstundes så skal vi nytta den tida som trengs.
– Det er viktig at vi gjer det riktig, og ikkje driv sakshandsaming i media. Vi set stor pris på barnehagane i kommunen vår, men er opptekne av at det er god kvalitet på tilbodet som blir gjeven og at det er likeverdige forhold med føreseieleg drift for alle dei femten private og to kommunale barnehagane. Vi ønskjer å bidra til at ikkje barnehagar må avvikle drift midt i året. Eg vil minna om at det er skilnad på det som kan teljast og det som tel, avslutta Ullensvang.
Uroa over at det tar lang tid
Politikarane gav administrasjonen ros for måten dei har handtert saka på, men peika også uroen over konfliktnivået.
– Dette var ein nyttig gjennomgang, men det er ein prosess som tar tid. Eg er uroa for at med det konfliktnivået som er i barnehagen så tar den formelle prosessen lengre tid enn den tida barna har. Tryggleik er ein av dei tinga som er vanskeleg å telje, og det betyr enormt mykje for barna, dei føresette, men også for dei tilsette, kommenterte Gisle Hesjedal (Ap), som har teke til ordet for at kommunen burde tilby seg å kjøpa barnehagen.
– Du er inne på at de er i ferd med å sjå på tilsvaret frå barnehagen, så kjem den endeleg rapporten kor barnehagen får tid til å retta lovbrota. Først når den fristen er ute, så kan kommunen komma med sanksjonar. Så har vi jo det med fylkesmannen som er klageinstans. Blir vedtaket påklaga, så skal det handsamast av dei. Då går månadene fort. Eg er rett og slett uroa for den situasjonen barn og føresatte står i der oppe.
Må prøve å dra det ned
Eirik-André Hesthamar (Frp) mana til is i magen og at ein no tar eit steg attende.
– Vi som politikarar må ha is i magen i dette bilete. Det er ikkje ei einsarta foreldregruppe eller ei einsarta gruppe av tilsette. Det er ulike syn på saka også i dei gruppene.
– Eg skulle ønskja at alle no tok eit skritt attende og at partane tok ned konfliktnivået mellom seg. Ungane er i allefall ikkje tent med at ein held konfliktnivået oppe. Samstundes er det veldig viktig at kommunen held ein ryddig form i høve barnehagen, poengterte Hesthamar.