Lokal | 20. mars 2019

– Håper Fjellheim-saka får ein lykkeleg slutt

Glass & Tre AS har kome med høgare bod på Fjellheim.

– Håper Fjellheim-saka får ein lykkeleg slutt
Det har kome bod på Fjellheim, men bodgjevar har ikkje plan om å riva bygget frå 1938. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mars 2019 22:42

I går fortalte Rolf Lunde i Glass og Tre AS i Lønningsdal at selskapet hans hadde levert bod på Fjellheim, men at Os kommune ved eigedomsutvalet hadde sagt nei til bodet på 5 millionar kroner.

Lunde ønskjer å driva Fjellheim vidare som kulturhus, og undra seg over at kommunen, som på fem månadar ikkje har fått andre bod, takka nei.

– Vi meiner samstemt at bodet er for lågt. Vi har ein verditakst på 7 millionar kroner og ein prisantyding på 10 millionar kroner, sa ordførar Terje Søviknes, som sit i eigedomsutvalet saman med varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) og Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Glass & Tre AS vurderte å senda bodet på nytt, utan tidsbegrensing for eventuell aksept.

– Marknaden bestemmer

– Finn dei ein kjøpar som vil by meir, så er løpet køyrd for Kulturhub-prosjektet vårt. Om dei ikkje finn ein annan kjøpar, har marknaden bevist at fem millionar kroner er rett pris, seier Lunde.

Onsdag kveld opplyser han at Glass & Tre har sendt eit nytt, høgare bod til Os kommune.

– Vi har klart å hamla opp med yttarlegare éin million og dermed levert inn eit nytt, fullfinansiert bod på 6 millionar kroner.

Samstemt engasjement

No er det duka for ein ny runde i eigedomsutvalet.

– Det er berre å håpa at Søviknes & co landar på ei anna avgjerd denne gong, så vi kan ta denne diamanten av ein eigedom i bruk så snart som mogleg.

– Samtidig er det dessverre brukarane som til slutt må betala for at prisen aukar, ingen pengar er gratis, legg han til.

Lunde seier at det har strøymd på med meldingar og telefonar etter at det blei kjent kven som hadde lagt inn bod på Fjellheim, og at bodgjevar ville halda fram med å bruka Fjellheim til kulturhus.

– Samtlege seier at dei håper at prosjektet får ein lykkeleg slutt, seier snekkeren frå Lønningdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.