Sport | 14. jan. 2019

Håper å halda fram som Os-spelar

Status, Os sin stall: Toppskårar Christoffer Hafsås er i forhandlingar om ny kontrakt.

Håper å halda fram som Os-spelar
Hafsås skåra 14 mål på 12 kampar i fjor. No håper han på å bli einig med Os om ny kontrakt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. jan. 2019 11:39

Os Fotball har fått mange brikker på plass før 2019-sesongen, tilbake i ein skjerpa 3. divisjon, men har framleis nokre plassar å fylla.

Samtidig er dei ikkje ferdig med forhandlingane med Christoffer Hafsås.

Hafsås og Mats Cato Moldskred skåra 14 seriemål kvar førre sesong, Hafsås på berre 12 kampar. Også i 2017 putta han 14 mål for Os, 4 av dei då Os slo Lysekloster 4-3.

– Eg har hatt tre fantastiske år på Kuventræ! Sjølv om eg måtte stå over ein del kampar etter hjernerystelse i fjor, føler eg at eg fekk gjort nytte for meg, og eg ønskjer framleis å bidra.

– Då ny trenar skulle på plass, blei eg veldig glad for at Endre Brenne fekk jobben, og for at han fekk med seg Rune Mo som spelande assistent. Det gir ny glød!

Samtidig er Hafsås i full jobb, og har noko lengre reiseveg enn spelarane som bur i Os.

– Vi har ulike faktorar vi diskuterer, men eg håper vi kjem til ei løysing, at eg blir Os-spelar også i 2019.

Har 17-18 spelarar på trening

Hafsås har halde fram med å trena med Os, han har òg vore på Kuventræ etter juleferien og kontrakten gjekk ut.

Av spelarar som allereie er klare for vidare innsats er; Mats Cato Moldskred, Øystein Takle Eide, Sander Fagerbakke Kvittingen, Frode Storebø, Marius Haugland Mikkelsen, Rafael Villén Villén, Øystein Takle Eide, Anders Havsgård, Fabian Bødtker og fleire ungdomar, som Vegard Strønen Skeie, Harry Moore, Alexander Tøssebro, Steffen Kvamsdal, Kristoffer Røttingen og Petter Austevoll. Fleire av dei var viktige brikker i opprykkssesongen i fjor.

Fire keeperar er i stallen, og i trening med A-laget; Chris Sunde Midtun, Anders Fossen Lunde, Kasper Færøvik og Erlend Hevrøy.

Det ligg ikkje an til at Erik Kanestrøm held fram.

– Vi er 17-18 spelarar på trening når alle er friske og skadefrie. Det byrjar å sjå bra ut.

Ser etter forsvarsspelarar

Ny på midtbanen er spelande assistent Rune Mo. Tidleg i sesongen får Os òg Torgeir Lunde tilbake frå militærteneste.

– Det kan framleis bli nokre nye signeringar. I forsvar treng vi uansett påfyll, men det er òg interessant å styrka det offensive i laget, seier hovudtrenar Endre Brenne.

I tillegg til at Brenne sjølv gir seg som spelar har Torkel Hjertnes dei siste åra hatt ambisjonar om å legga opp. Om Hjertnes skal få fri må Os erstatta to erfarne forsvarsspelarar.

– Vi får to gode arenaer for spelarane i år, etter dobbelt opprykk og plass i 3. og 4. divisjon med dei to fremste herrelaga våre, seier den nye hovudtrenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.