Kultur | 17. sep. 2012

Håper på fullt hus

Måndag kveld arrangerer Osøren Blues og Jazzfestival velgjerdskonsert med Wolf Mail til inntekt for Hjelp Moldova.

Håper på fullt hus
Tore Lekve håper osingane stiller på velgjerdskonsert med Wolf Mail på Peppes i kveld (foto: Andris Hamre/wolf-mail.com)
Andris Hamremandag 17. sep. 2012 12:04

Då Osøren Blues og Jazzfestival starta haustsesongen med blueskveld på Peppes siste fredagen i august overraska dei samstundes Hans Bjørn Bakketeig med å overrekkje ein sjekk på 10 000 kroner frå festivalen til prosjektet Hjelp Moldova. I tillegg kunngjorde dei at dei ville arrangera konsert med australske Wolf Mail kor overskotet skal gå til organisasjonen.

- I kveld er kvelden her. Eg håper osingane vil nyta blues også ein måndagskveld og samstundes støtte den viktige og gode jobben Hans Bjørn gjer, seier Tore Lekve, leiar i Blues og Jazzfestivalen.

- Vi har fått masse positive tilbakemeldingar etter at det blei kjend, så eg på alle stiller på Peppes klokka 20 i kveld.

Set pris på arbeidet

I ti år har Hans Bjørn Bakketeig engasjert seg for synshemma i Moldova og hjelpt meir enn 4000 med å få utreidd synet og med synshjelpemiddel av eitt eller anna slag.

- Vi set stor pris på innsatsen Hans Bjørn gjer både i styret i Osøren Blues og Jazzfestival og i Moldova.

- Vi veit at arbeidet hans for synshemma i Europas fattigaste land nyttar, og vil gjerne hjelpe til. Og vi er heldige og har fått næringslivet i Os med på laget slik at alle utgiftene med arrangementet allereie er dekka, seier Lekve.

Minnar om Chicago-blues

Kveldens artist Wolf Mail har i samband med konserten redusert prisen for å spela.

- Han har absolutt skjønt kva ein charitykonsert er.

- Så no gjeld det berre at publikum gjer det same.

- Frå scena kan dei vente seg rå gitarblues med soloar og heftige riff, men òg gode bluesballader frå ein spennande artist med ein anna bakgrunn enn vi er vant med, seier Lekve når han omtalar den australske bluesartisten.

Wolf Mail er på europaturné og spelar kun få konsertar i Noreg før turen går vidare til Danmark, Tyskland og Belgia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.