Håper på plass i kommunestyret
Val 2015: Nils-Anders Nøttseter toppar lista for Miljøpartiet de Grønne. Håper på plass i kommunestyret.
Kommunevalet 2011 var første gong Miljøpartiet de Grønne (MDG) stilte egen liste i Os kommune. 89 røyster blei for lite til å få plass i kommunestyret, men no håper partiet på ytterlegare framgang.
– Vi reknar det ikkje som sannsynleg å få så veldig mange inne no, så ambisjonar om å bli ordførar har eg vel ikkje.
– Vi får heller revurdera det om demokratiet meiner vi skal ha ei stor gruppe i kommunestyret, seier Nils-Anders Nøttseter, som er førstekandidat for MDG.
Skal ein legga valresultata frå 2011 til grunn treng partiet vel ei tredobling av oppslutninga for å få plass i kommunestyret frå hausten 2015.
Her er MDG-lista
10. november gjennomførde MDG nominasjonsprosessen og endte opp med desse kandidatane.
1: Nils-Anders Nøttseter, 1980, Informatikar
2: Ellen Siren Bruarøy, 1968, Sjølvstendig næringsdrivande
3: Bjørn Terje Bøe, 1979, Førskulelærar
4: Tina Bøe Buer, 1986, Bonde/miljøarbeidar
5: Gunnar Kvåle, 1942, Professor Emeritus
6: Marion Dale Wollertsen, 1975, Adjunkt
7: Ørjan Setvik, 1978, Kokk
8: Knut Ivar Børgesen, 1962, Dagleg leiar
9: Torgeir Skjælaaen ,1975, Undervisningsinspektør
10: Lisa Nøttseter, 1981, Dansekunstnar
11: Kirsti Margrethe Kvåle, 1946, Pensjonist
12: Ole Henning Bøe, 1981, Postbod
13: Inger Marny Strømland Johnsen, 1969, Ergoterapeut
14: Sigbjørn Grønås, 1939, Professor Emeritus
15: Jorunn Indrefjord, 1947, Pensjonist
16: Knut-Inge Johnsen, 1952, Lektor
17: Stein Ødemark, 1947, Pensjonist
18: Heidi Tronsmo, 1959, Musikar
19: Jan Eek, 1951, Sjølvstendig Næringsdrivande
20: Astrid Kårstad, 1965, Hjelpepleiar
21: Anstein Felde Johansen, 1971, Student
22: Geir Fossåskaret, 1969, Assistent Skule/SFO
23: Silvio Georg Reisch, 1948, Bussjåfør
24: Rune Døsen Dahl, 1976, Lærar
25: May Britt Lindborg Olsen, 1970, Hjelpepleiar
26: A. Claes Titland, 1965, Ingeniør
27: Britt Halhjem, 1953, Reisebyråmedarbeidar
28: Terje Bøe, 1948, Pensjonist
29: Helga Merethe Olseth Syre, 1975, Sjukepleiar
30: Leon Åserød, 1967, Bussjåfør
31: Svein Skotheim, 1947, Forfattar
32: Tarjei Øiestad Skeie, 1977, Lærar
33: Vicky Pridmore Bøe, 1978, Ped. medarbeidar, kunstnar
34: Gerhard Just Olsen, 1978, Serviceelektronikar
Dei tre første kandidatane er kummulerte.