Sport | 06. jan. 2019

Håper på snarleg sesongstart

Alpinanlegga nærmast Os og Bergen slit med snøfattig start på vinteren.

Håper på snarleg sesongstart
Eikedalen 5. januar i fjor, rikeleg med snø og alle heisar i drift. I år kom vinteren seinare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. jan. 2019 10:40

Korte kuldeperiodar utan nedbør har veksla med lengre periodar med mildvêr, både i låglandet og i fjella på Vestlandet.

Mens Hemsedal har 36 av 48 nedfarter opne, og Geilo har 25 av 37, er det knapt nok snø i bakkane hos Voss Resort, som har 7 av 24 opne. Også i elles så snørike Myrkdalen r under halvparten av bakkane opne (10 av 21).

Voss og Myrkdalen starta sesongen laurdag 8. desember.

Voss har desse bakkane opne i dag: Familieløypa, Tråstølsløypa, delar av Alfaløypa, nedre del SSL, Badnakrokjen, Grebbesbakken og Vetlebakken.

Myrkdalen har desse heisane i drift: Myrkdalsekspressen, Kråni, Kari Traa trekket, Helgatuntrekket og Mikkel/Mikkelinetrekka.

Vinter på veg til Eikedalen

Eikedalen hadde håp om opning 1. nyttårsdag, men det kom berre 3-4 centimeter nyttårsaftan, ikkje dei større mengdene som var meldt.

«Neste uke ser ut til å bli mer vinterlig, og vi krysser fingrene for en snarlig åpning av anlegget!» skriv Eikedalen på si Facebook-side i dag.

Det er meldt sludd søndag, snø måndag, 4-6 kuldegradar tysdag og onsdag - og snø heile torsdag i Eikedalen.

Også i Os er det meldt lettskya og kaldt tysdag og onsdag, men tysdag med 10-12 m/s vind frå nord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.