Har aldri vore fleire
Human-Etisk Forbund merkar rekordstor interesse for borgeleg konfirmasjon. Markant oppgång frå tidlegare år.
Dei siste åra har mellom 40 og 45 ungdomar frå Os og Fusa vald borgeleg i staden for kyrkjeleg konfirmasjon.
– Det har vore stabilt dei siste åra, men i år ser vi ein rekord stor påmelding. Og det lenge før fristen går ut 1. oktober, fortel Egil H. Haugland, leiar i Midthordaland lokallag av Human-Etisk Forbund.
– Hittil er det i alt 53 ungdomar som har meldt seg på kurset som startar i slutten av januar og som blir avslutta med ein høgtidleg sermoni i Oseana kunst- og kultursenter 30. april.
Krev inga medlemsskap
Det er Midthordaland lokallag av Human-Etisk Forbund som står for kurset og den høgtidlege sermonien.
– Det er inga krav om at ungdommane eller foreldra deira skal vera medlemmar i Human-Etisk Forbund (HFE) for å kunne konfirmera seg hos oss. For å bli medlem må ein vera minst 15 år. Først då er ein gamal nok til sjølv å ta avgjerd om ein vil vera medlem i ein religiøs organisasjon eller eit livsstilssamfunn som HFE, avsluttar Haugland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.