Lokal | 07. juni 2019

– Har allereie stått over ei ferje

Halhjem ferjekai har byrja å merka pinse- og handballcuptrafikken.

– Har allereie stått over ei ferje
Ferjekaien på Halhjem var full rett etter førre ferje til Sandvikvåg var gått. (Lesarbilde: Øyvind Carlsen, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. juni 2019 13:02

Det er fredag før pinse og det er venta å bli årets mest travle dag på E39 Halhjemsvegen.

Dei siste åra har pinseutfart og handballfestival på Stord skapt 5 km lang kø.

• Les òg: Torghatten reknar med betre flyt i år

Ei auke frå 3 til 4 ferjer kan saman med Autopass, som er nytt i år, gjera at trafikken flyter betre.

Men allereie før klokka 15 i dag byrja trafikantane å merka det.

– Eg har allereie stått over ei ferje, og kaien blei ganske raskt fylt opp, seier Øyvind Carlsen.

– Turistbussar kan ha vore medverkande til at maksimalt passasjertal fort blei nådd, legg han til.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking har ferjekøen foreløpig ikkje byrja å bevega seg frå rundkøyringa og oppover mot kafeen.

• Har du informasjon eller bilde utover ettermiddagen, send til tips@midtsiden.no

• Nokre av oppdateringane våre kan koma direkte på Facebook, følg oss på Facebook.com/Midtsiden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.