Kultur | 05. feb. 2020

Har booka Village People (!)

Discokongane bak YMCA og Macho Man kjem til Tysnesfest.

Har booka Village People (!)
Village People: Kostymene er del av varemerket til det 43 år gamle bandet.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. feb. 2020 22:37

Det blir skyhøg discofaktor når sjølvaste Village People kjem til Gjerstad arena. Village People er eit av verdas mest ikoniske band, og musikken deira er ein viktig del av den internasjonale songboka.

Det er nok å nemna superhits som «YMCA», «In The Navy» og «Go west». Dei to førstnemnde låg begge nesten eit halvt år på VG-lista.

Den amerikanske gruppa blei starta allereie i 1977 og hadde utspring i det homofile miljøet i New York. Den fengande musikken blei raskt oppdaga utanfor homsemiljøet.

Bandet har i dag selt meir enn 100 millionar album, og set framleis nye rekordar. I tillegg har bandets hits vore med i fleire titals filmar.

Dansefot i over 40 år

Frontfigur og ein av låtskrivarane frå starten var Victor Willis. Han forlot Village People i 1979, men gjorde comeback då dei drog ut på ein lengre turné i samband med at det i 2017 var 40 år sidan bandet blei stifta.

Village People er kjend for fargerike kostymer og lett dansbare musikk. Dei held framleis koken, og slapp i 2019 juleplata «Magical Christmas. Samme år var dei og på ein omfattande verdsturne der dei mellom anna spelte på Wembley arena og hadde fem utselde hus i Amsterdam.

– I 2020 skal dei ut på vegen igjen, og konserten på Tysnesfest er den einaste som er booka i på Vestlandet, seier dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage.

– Dette er stort for oss! Me har dei siste 10 åra alltid hatt utanlandske stjerner av varierande størrelse på besøk, men Village People er i ein klasse for seg sjølv!

Han meiner Village People passar midt i blinken for galskapen i Sirkus Tysnesfest.

– Det var stor glede på kontoret når dei to månadane med mekling endeleg førte fram!

Village People speler på Gjerstad arena laurdag 11. juli.

Til no er følgjande artistar lanserte til Tysnesfest 2020:

Torsdag: Hjerteslag, Hellbillies, Vinskvetten
Fredag: Highasakite, CC Cowboys, Stavangerkameratene
Laurdag: TIX, Village People, Kapteinen og car.pool

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.