Har du fått SMS om avlaupet ditt?

Nytt gebyr for innbyggarar med privat anlegg.

Feittsamling i kommunalt reinseanlegg. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. feb. 2021 09:52

Torsdag ettermiddag sendte Bjørnafjorden kommune ut tekstmelding med informasjon om endra gebyr for avlaup og slamtømming.

Etter forureiningsforskrifta skal alle med private avlaupsanlegg betala tilsynsgebyr.

Kommunestyret i Bjørnafjorden vedtok nye betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune 15. desember.

Gruppe 1: Privat avløpsanlegg som ikkje er tilknytt offentleg nett
Gebyr for tilsyn av privat anlegg på kr 500,- eks. mva. per bueining.

Gruppe 2: Privat avløpsanlegg tilknytt offentleg nett
Gebyr på kr 1500,- eks. mva. Dette gebyret er nytt og går til drifta av det kommunale leidningsnettet. Gebyret kjem i tillegg til slamtømmingsgebyret. Private anlegg som er tilknytt offentleg nett vil ikkje få gebyr for tilsyn.

Felles for gruppe 1 og 2:
Kommunen er ansvarleg for slamtømming av reinseanlegga i kommunen.

  • Minireinseanlegg: kvart år for bustad og annakvart år for fritidsbustad
  • Større avløpsanlegg: kvart år eller annakvart år
  • Mindre slamavskiljar: annakvart år for bustad og kvart fjerde år for fritidsbustad
  • Tett tank: kvart år

Tømmefrekvens
Tømminga blir gjennomført av Norva24 som har rammeavtale med kommunen. Dei sender ut varsel på SMS og/eller e-post til tinglyst eigar av bygget 1-2 veker før tømming.

Lurer du på kor tid neste tømming er, eller kor tid førre tømming var?

For å sjå tømmefrekvensen anlegget ditt har i dag, gå til mintank.no og skriv inn gnr/bnr: https://mintank.no/mintank#bjornafjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.