Kaptein på Arna-Bjørnar, Caroline Walde, var eit populært besøk på Søre Neset si fotballskule (foto: Andris Hamre)

– Har du spelt mot Brasil?

Bildeserie: Nær 300 ungar på tre vellukka fotballskular. På Søre Neset blei Arna-Bjørnar-kaptein Caroline Walde grilla.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Både på Kuventræ, Nore Neset og Søre Neset har det vore høg aktivitet med fotballspelarar i alderen 6-12 år dei tre første dagane av skuleferien.

– Det har gått veldig greitt. Vi har hatt instruktørar frå a-laget og junior elite.

– Skulen blei avslutta i dag med turnering, så da skal eg seie dei var på, seier Leif Idar Røen i Os Turn.

Med lang venteliste

På Nore Neset styrer Jan Frode Skeie det heile med stødig hand. Når Midtsiden svinger innom er instruktørane i full sving i kamp mot nokre av elevane.

– VI har hatt strålande dagar og høg aktivitet.

– Interessa har vore enorm. Vi måtte faktisk setja 25-30 stykker på venteliste, fortel Skeie før premieutdelinga.

Fotballkjendisar på besøk

Søre Neset IL er den eineste av klubbane som har heldt seg til Tine og fotballforbundet sitt opplegg.

– Fordelen med det er blant anna at vi får vitjing av spelarar frå Brann og Arna-Bjørnar.

– Tidlegare i veka var Erlend Hanstveit og Stephan Baji frå Brann her. No ventar vi på kapteinen på Arna-Bjørnar, Caroline Walde, fortel Arthur Håkon Botnevik.

– Er du forelska?

Det var nok ikkje så mange som visste kven Caroline Walde var då ho dukka opp, men då Botnevik opna for spørsmål frå kapteinen let ikkje fotballelevane seg be to gongar.

– Kva gjer du her?

– Eg er for så sjå på de spela fotball. Det synest eg er utruleg kjekt.

– Speler du på landslaget?

– Eg har gjort. PÅ U17, 19 og 20, men nett no gjer eg ikkje det.

– Blei du sparka ut fordi du er så go'?

– Kanskje det var grunnen, smilte Arna-Bjørnar-kapteinen.

– Har du spelt mot Brasil?

– Ja, faktisk.

– Vann du?

– Nei, vi tapte 1-3.

– Mot USA, då?

– Dei har vi spelt mot mange gongar. Då har vi tapt nokre og vunne nokre. USA er faktisk det beste damelandslaget i verda, forklarte Walde.

Ikkje alle var like opptekne av det sportslege. Spørsmål om biting, lugging og klyping høyrte tydelegvis med i desse fotball-VM-dagane. I tillegg nokre spørsmål av meir privat karakter.

– Er du forelska?

– Ja, eg er då det. I Jonas, som er kjæresten min.

– Kor gamal er du?

– Eg er 25.

– Vi har lik shorts ...

– Sant dei er kule, smilte Walde før det var tid for autografskriving på skjorter, sko og armar.

Med om lag 40% jenter på fotballskulen på Søre Neset, var besøket frå Arna-Bjørnar-kapteinen ei fin avslutning på tre flotte fotballdagar.

Kanskje gjer det òg at nokre set seg ned og ser J19-landslaget som speler EM på heimebane i sommar.

Fleire saker