Lokal | 26. nov. 2020

Har du tips om utrygg veg? No er tida rett å melda ifrå

– Vi håper på mange og grundige innspel, seier Terje Sperrevik (Sp).

Har du tips om utrygg veg? No er tida rett å melda ifrå
Terje Sperrevik, leiar for plan og bygg, håper på mange og gode innspel og merknadar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. nov. 2020 09:04

Det er varsla oppstart av arbeid med ny kommunedelplan for trafikksikring for Bjørnafjorden kommune og offentleg ettersyn av planprogram.

Trafikksikringsplanen blir eit styringsverktøy i kommunen sitt vidare arbeid med med trafikktryggleik, blant anna når dei skal søja om statlege midlar og prioritera bruk av eigne midlar, for eksempel ved fysiske tiltak som bygging av gang- og sykkelvegar, utbetring av kryss, oppsetting av veglys og sikra kryssingspunkt for fotgjengarar eller oppretta fartsreduserande tiltak.

– Dette er noko vi veit at mange bryr seg om, og vi håper folk får med seg det pågåande arbeidet og sender innspel, seier leiar i plan- og bygningsutvalet, Terje Sperrevik (Sp).

Frist for å senda innspel og merknadar til planprogrammet er 30. desember.

– Innspel frå enkeltpersonar kan vera gode, men det beste er ofte å få nabolaget, sameiget, skulen eller idrettslaget til å slutta seg om innspelet eller merknaden. Når det kjem tydeleg fram at mange engasjerer seg eller blir råka, kan det ha noko å seia for vektlegginga av sakene, legg Sperrevik til.

Planprogrammet er ikkje den endelege planen, med ei oppskrift for korleis planen skal utformast. Målet er utarbeiding av planen frå januar til mars, førstegongsbehandling i april, høyring i mai og endeleg godkjenning i oktober neste år.

Innspel og eksisterande analysar

Kommunen ser behov for både gjennomgang av innspel og merknadar som kjem inn, og gjennomgang av status på tiltak frå førre planar.

Dei fysiske tiltakslistene vil ta utgangspunkt i gjeldande TS-planar, der dei i første fase vil gå gjennom eksisterande planar og vurdera vidareføring av tiltak som ikkje er gjennomført.

Samtidig sit kommunen på fleire analysar og nyttig statistikk.

Trafikkuhell - år for år. OBS, ferskaste til venstre.
Trafikkuhell - år for år. OBS, ferskaste til venstre.

For å få ei oversikt over dei overordna utfordringane i kommunen har ein gjennomført ein statistisk analyse av trafikkulykker med bakgrunn i kjente data frå nasjonal vegdatabase (NVDB).

Dette er samla i eit vedlegg til planprogrammet. Over er utdrag frå analysen som tar for seg perioden 2010-2019 i heile Bjørnafjorden kommune.

Type uhell/involverte i prosent.
Type uhell/involverte i prosent.

E39 (Halhjemsvegen / Byvegen) går gjennom deler av kommunen, ca. 17 km. I tillegg er det om lag 165 km fylkesvegnett i kommunen og om lag 170 km kommunalt vegnett i kommunen. Høgast ÅDT er knytt til hovudvegane inn til kommunesenteret Osøyro kor fleire vegar har over 4000 ÅDT.

Høgast ÅDT har hovudvegen frå grensa mot Bergen og til Osøyro, med delstrekk over 13.000 ÅDT. Alle vegane i gamle Fusa kommune har ÅDT under 3000.

  • Tal ulykker varierer, men har sidan 2016 gått ned.
  • Tal ulykke med skadeomfang drept, meget alvorleg skadde og alvorleg skadde varierer mellom 1-5 per år og går ikkje ned.
  • Over 65% av dei registrerte ulykkene er knytt til bilulykker.
  • Over 85% av ulykkene har utfall med lettare skadar.
  • Av ulykke med dødsfall er 3 av dei 4 hendingane knytt til bilulykke.
  • Det er registrert 184 ulykker i kommunen i perioden 2010-2019. Frå 2015 til 2019 er det registrert 97 ulykker.
Kvar har ulykke skjedd dei siste 10 åra?
Kvar har ulykke skjedd dei siste 10 åra?

Historikk får òg noko å seia for prioriteringane i framtida.

  • Dei fleste ulykkene er knytt til E39 (Halhjemsvegen/Byvegen), totalt 51 hendingar.
  • Vidare er Fv552 (Hatvikvegen/Venjanesvegen/Fusavegen) og Fv48 (Holmefjordvegen/Hålandsdalsvegen) utsett med hhv. 34 og 19 hendingar.
  • I overkant av 50% av ulykkene har skjedd på fylkesvegar, 30% på europaveg, 14% på kommunal veg og 0,6% privat veg.
  • Vegar med fartsgrense over 50 km/t representerer ulykkene med skadeomfang drept og meget alvorleg skadde og alvorleg skadde.
  • Det er ingen ulykker med skadeomfang drept eller meget alvorleg skadde og alvorleg skadde på vegar med fartsgrense lågare enn 50 km/t.
  • Dødsulykkene er knytt til E39, Fv48 og Kv1257 (Langedalen i kryss til Fv5156 Lyseklostervegen).
  • Dei fleste ulykkene med personskadar har vore lettare skadar, og på vegar med fartsgrense 50 km/t.
  • Dei fleste ulykkene har skjedd når det har vore god sikt og opphald.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.