Næringsliv | 03. sep. 2020

Har flittige folk som hovudmålgruppe

Bilseljar har starta bilutleige.

Har flittige folk som hovudmålgruppe
Os Bilutleie og Os Bilsenter har felles base i Industrivegen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. sep. 2020 17:42

Fredag for ei veke sidan blei Os Bilutleie AS stifta, laurdag kom den første kunden.

– Vi har så vidt starta, men dei første utleigebilane er på plass, det same er kundane, seier innehavar Daniel Grape.

Du kjenner kanskje namnet hans igjen; Daniel starta Os Bilsenter i slutten av 2017, og kunne i sommar fortelja om stor vekst og vanskar med å skaffa nok bilar å selja.

Å byrja å leiga vekk bilar er likevel ikkje eit forsøk på å bremsa bilsalet.

– He, he! Nei, det er to ulike firma og ulike bilar for sal og utleige. Men det er felles base i Industrivegen.

Transport av folk og små flyttelass

Daniel fortel at ideen har kome av seg sjølv. Innimellom har folk kom innom og spurd om han leiger ut bilar, og nokre av dei har sagt at dei har bil, men treng noko større for ein kort periode.

Bilseljaren sjekka om det var andre som leigde ut bilar i området. Då han ikkje fann nokon, så gjorde han noko med det.

Daniel starta heime i garasjen i slutten av 2017. No har han to firma i Industrivegen. (Arkivfoto: KVB)
Daniel starta heime i garasjen i slutten av 2017. No har han to firma i Industrivegen. (Arkivfoto: KVB)

– Vi leiger naturlegvis ut bil òg til dei som berre skal frakta seg sjølv, men dei første utleigebilane våre er bilar med god plass, gjerne med hengarfeste.

Ein VW Caddy Maxi (type lang «pizzabil») og ein VW Transporter.

– Eg har inntrykk av at det er mange i Os som er glad i hagearbeid, eller som har andre små prosjekt heime. Men det er ikkje alle som har bil med tilhengarfeste, eller som har bagasjerom med plass til møblar. Då kan det vera greit å leiga for ein dag.

Tilhenger - med sjåfør

Mens han var i gang med innkjøp, bestilte Daniel òg to tilhengarar, éin som du kan køyra med førarkortklasse B, og ein større som krev BE.

– Eg har tilgang på noko fleksibel arbeidskraft utanom meg og Mathias (bilseljar Nystad), og vil testa ut ein tilleggsteneste utanom utleige av bil og hengar, seier Grape.

Os Bilutleie tilbyr at dei som leiger hengar kan få denne parkert heime i hagen, fylla den opp og få den køyrd vekk og tømt.

– Det er kanskje folk som ikkje liker å køyra med tilhenger, men som ikkje kvir seg for å fylla hengaren, anten det er eit lite flyttelass, restar etter rydding i garasjen eller avfall frå hagearbeid eller oppussing. Då er det greit for oss å ha ein gentleman tilgjengeleg, utan at vi har behov for jamn og god respons på denne tilleggstenesta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.