Har folk lært?
Politiet har hatt både promillemistanke og yttarlegare to kontrollar i Lepsøykrysset i helga.


Fredag kveld hadde utrykningspolitiet stoppskilt-kontroll i krysset mellom Lepsøyvegen og E39 Halhjemsvegen igjen.
I alt er det, i løpet av 6 kontrollar spreidd over 13 dagar i september og oktober, skrive ut 15 forelegg i same kryss av same årsak.
Fredag fann UP ingenting å reagera på.
Men søndag i 17.50-tida var det ny kontroll. Då blei det skrive ut to forelegg på 7.450 kroner og delt ut tre prikkar kvar på dei to sine førarkort.
I tillegg blei ein bil avskilta grunna begjæring.
Fredag kveld hadde politiet også ein epiode med ein blomsterseljar som stal frå to bebuarar på institusjon:

Natt til laurdag, litt over klokka 03, kontrollerte politiet ein bil. Det viste seg at denne mangla både omregistrering og forsikring.
Mistenker køyring i rus
I 11.50-tida laurdag formiddag blei ein bilist stoppa på Strønevegen mistenkt for ruspåverka køyring.
Han blei tatt med for blodprøvetaking, og det er oppretta sak. Politiet har foreløpig ikkje tatt stilling til om det skal bli tatt beslag i førarkortet.
Politiet gjennomførte også promillekontroll på Ulvenvegen på formiddagen. 53 trafikantar blei kontrollerte, politiet fann ingenting å reagera på.
I 16-tida laurdag fekk politiet melding om mogleg promillekøyring på Hatvikvegen. Bilførar blei kontrollert. Vedkomande var edru.
Litt før klokka 16 var det eit uhell mellom to bilar i Langedalen.
Den eine hamna i grøfta og måtte hentast av berginsbil, og politiet stoppa trafikken gjennom Langedalen ein periode.

I 12.30-tida kom melding om bålbrenning på Søre Neset, utan at det førte til operative tiltak.
Klokka 21.24 blei ein mann meldt sakna etter tur på Midtsæterfjellet. Vedkomande blei funnen klokka 23.04 og assistert ned frå fjellet.

Søndag var det eit uhell med ein bilførar som blei påkøyrd avsin eigen bil, mens vedkomande var ute av bilen. Vedkomande blei henta av luftambulanse.
På kvelden var det ein konflikt mellom to menn i eller utanfor Rema 1000.
Les meir om desse sakene under.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.