Lokal | 15. okt. 2014

Har funne feilen

Bergen Vann har funne fleire feil på leidningsnettet. Det betyr fleire dagar med koking av drikkevatnet i Os.

Har funne feilen
Då trykket minka tysdag kveld blei reservetanken brukt. Men til slutt gjekk Os vassverk over på bypass på delar av filteret og kokevarsel blei sendt ut. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. okt. 2014 15:22

Natt til onsdag gjekk Os kommune ut med kokevarsel til innbyggarane i Os. Alle utanom dei med eigen vassforsyning, og innbyggarane i Lysefjorden med Drange er råka.

Onsdag ettermiddag fortel teknisk sjef Marianne Kramer at årsaka er funnen.

Bergen Vann, som blant anna har søkt med dykkarar, fann feilen.

- Sjølve inntaksleidningen frå Krokvatnet har kolapsa fleire stadar og må utbetrast.

Arbeidet med utbetringa vil ta fleire dagar. Os kommune håper på å oppheva kokevarselet før helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.