Per Gunnar Tuv med fansgten på 11,5 kilo. (Privat foto)
Per Gunnar Tuv med fansgten på 11,5 kilo. (Privat foto)

Har han tatt årets største - igjen?

Per Gunnar Tuv med nok ein kjempefangst i Oselvo.

Kjetil Vasby Bruarøy
26. juli 2020 - 11:09

Dei siste to vekene er det tatt fleire laksar på over åtte kilo i Oselvo. Tysdag blei den største så langt i sesongen tatt på land.

Per Gunnar Tuv fekk ein laks på 11,5 kilo!

Fisken var 112 cm lang og beit på spinner i Kremretten.

– Eller «trimretten», som mange kallar denne store sesongkort-sona. Det blir mykje gåing, men det er jo verdt det når du får fisk som denne, seier Per Gunnar til Midtsiden.

Det blei ein kamp i 15 minutt før laksen var på land.

(Artikkelen held fram under bildet)

Laksen var 112 cm lang. (Privat foto)
Laksen var 112 cm lang. (Privat foto)

– Eg har vore med på verre, og større. I 2017 kjempa eg med ein laks på rundt 15 kilo. Den drog ut alt snøret, som sleit seg frå snella.

– Eg sprang etter, fekk tak i snøret, og prøvde å dra han inn med nevane. Eg fekk den ganske tett på meg. Dessverre fekk han snøret rundt ein stein, og det sleit seg. Det einaste eg sto igjen med blei ei god fiskeskrøne.

Les òg: Remi Bårtvedt tok årets «Oskar»

Tok den største i 2018 òg

Fisket varer til 15. september, men fangsten kan fort bli ståande som sesongens største. I fjor var den største 10,3 kilo (av Aage Nilsen på floge i Spongo på Tøsdal 27. juni).

Per Gunnar tok sjølv den største året før, på 10,2 kilo i Spongo 21. juni i 2018.

– Det er jo kjekt for meg som er frå Askøy å koma til Os og ta den største. At det er nokre osingar som blir sur på meg er halve gøyen, seier han og ler.

– Å ta den største handlar vel om kunnskap, ikkje så mykje om flaks?

– Det er nok litt flaks òg, du må jo vera på rett plass til rett tid, innrømmer han.

Fleire store fangstar

I 2014 tok Johnny Lund ein laks på 14,3 kilo i Oselvo, i 2013 fekk Eivind Aasen ein laks på heile 18 kilo!

Dei siste vekene er det tatt fleire laksar på 8 kilo og over (kjelde/sjå bilde av fangstane: prohd.no):

Steinar Ingebrigtsen har tatt fleire store, den største er på 9,8 kilo, tatt nedanfor brua i Spongo på Tøsdal 19. juli.

Terje Andre Skjoldal tok ein laks på 8.6 kilo på floge same stad 18. juli.

Eivind Sjøbø tok ein laks på 8,2 kilo i Klekkerihølen 7. juli.

Både Oddvar Lyssand (Klekkerihølen) og John-Are Haatuft (sone 5) har tatt laks på 8,0 kilo i juli.

Oselvo er no låg, men det er venta regn til og med onsdag, så forholda kan ta seg opp igjen dei neste dagane.

 

Les meir om

Sport Jakt og fiske