Lokal | 08. juni 2016

– Har ikkje sett maken!

Imponert rådmann la fram sin første tertialrapport – skrytte uhemma av medarbeidarane i Os kommune.

– Har ikkje sett maken!
Rådmann Christian F. Fotland skrytte av medarbeiderane i kommunen då ha la fram statusrapporten for 1. tertial (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 08. juni 2016 11:50

Etter eit knapt halvår i sjefsstolen var det ein imponert rådmann, Christian Fredrik Fotland, som presenterte 1. tertialrapport for formannskapet tysdag.

– Eg har eigentleg ikkje behov for å seia så mykje utover det eg har skrive i rapporten, men éin ting må eg få understreka: Eg er ganske imponert over dei tilsette i kommunen.

– Eg har vore rundt og vitja einingar og avdelingar og det er ganske massivt det eg har sett i høve det eg har sett tidlegare etter 10 år som rådmann i Lillehammer.

– Os ligg heilt i noregstoppen. Det som blir produsert av medarbeidarane i Os kommune er så bra at det nesten ikkje er til å tru.

– Det gjeld både på budsjettdisiplin, men ikkje minst den utviklingstenkinga som pregar heile organisasjonen.

– Det blir sagt at det er vanskelegare å vera profet i eige kommune enn nasjonalt. Då eg jobba på Lillehammer høyrde eg om Os i alle sammenhenger, her er ein meir kritisk til seg sjølv, utan grunn til å vera det, skrytte den framleis relativt ferske rådmannen.

Kjekt med nye auge

Rådmannen ville ikkje legga opp til budsjettjusteringar i denne runden, utover å kutta byggesaksgebyra med 20% og styrka planavdelinga som Midtsiden skreiv om måndag.

– Det er lett for oss politikarar, og administrasjonen, å berre fokusera på utfordringane. Det negative tek ofte stort fokus. Difor er det kjekt å høyra at rådmannen, som kjem utanfrå med nye auge, skryt av dei tilsette. Tertialrapporten er eit dokument som syner at vi har flinke medarbeidarar. Vi er klar over dei tronge rammene, kommenterte varaordførar Marie Bruarøy (H).

Skal heva kompetansen

Sjølv om rådmannen var imponert over medarbeidarane sine, syner medarbeiderundersøkinga at ein skårar lågt på kompetanseutvikling.

– Kva blir gjort for å handtere dette, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG)

– Dette er noko vi har eit stort fokus på no. Vi har mellom anna satt ned ei gruppe som skal jobba med ein ny kompentanseplan for kommunen. Eg er oppteken av at v i må sjå på det heile med ei utvida begrepsforståing. Kompetanseutvikling kan vera så mykje, frå skulder ved skulder-opplæring, frimerke - kor du følgjer ein kollega som eit frimerke ein arbeidsdag til meir ordinære kurs. Vi skal laga ein heilt ny plan for kommunen som skal vera strategisk bygd opp med langsiktige mål og liknande.

– De løyvde 3 millionar kroner i førre kommunestyremøte til organisasjonsutvikling. Desse skal vi mellom anna nytte på dette. Ja, vi skårar dårleg, men det er tiltak på gang, lovde rådmannen.

Får kvalitetsmelding

Eit anna tema politikarane hang seg opp i, var ikkje uventa skule, som har vore eit satsingsområde dei siste åra.

– Trivsel blant elevar på 7. og 10. trinn syner ei nedagåande kurve. Trivsel og læring heng saman, dette er noko vi må vera obs på, kommenterte Helge Steinum (Ap) før elevundersøkinga og resultata på dei nasjonale prøvene blei eit tema.

– Når det gjeld skule, så har tenesteutvalet hatt kvalitetsmeldinga for skule til handsaming i siste møte. Den kjem òg til kommunestyret, men for å få ei grundig handsaming av den, vil eg foreslå at den kjem i septembermøtet, slik at vi kan få ei innleiing frå kommunalsjefen og gjera eit dypdykk i den, oppsummerte ordførar Terje Søviknes (Frp).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.