Lokal | 12. des. 2016

Har kartlagt strandsona

Visste du at kystlina i Os er 218 kilometer lang? No har kommunen kartlagt kva delar av den som er funksjonell strandsone.

Har kartlagt strandsona
Kristin Søfteland-Larsson, Terje Sperrevik og dei andre poltikarane i PBU studerte karta over den funksjonelle strandsona med interesse (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 12. des. 2016 13:17

For å stå betre rusta i dialogen med fylkesmann og fylkeskommune har Os kommune i løpet av det siste året kartlagt strandsona i Os og kva områder som er eigna for utbygging og kva områder som ikkje er det.

– Den funksjonelle strandsoneplanen gir kommunen tilstrekkeleg legitimitet og handlingsrom til å freiste å differensiera bruken innanfor 100 metersbeltet som ligg i plan- og bygningslova. Denne kartlegginga vil gjera at vi står betre rusta til differensiert forvaltning av 100 metersona når vi diskuterer dette med fylkesmannen, forklarte Arne-Richard Stadaas, arealplanleggjar i kommunen, då plan- og bygningsutvalet fekk ei orientering og diskuterte planen førre veke.

Ulike temakart

Gjennom arbeidet har AsplanViak, som har utført arbeidet på oppdrag frå kommunen utarbeidd seks ulike temakart.

– Desse syner brattheit kor det ikkje er funksjonell strandsone fordi det er for bratt, allereie utbygging, naturmangfald og landskap, kulturminne og kulturmiljø, landbruk og friluftsverdiar. Kvar av desse parametra har vi laga eigne temakart på, så har vi lagt dei oppå kvarande, laga ei analyse og eit "sum-kart", basert på faglege vurderingar. Det som er viktig no er at de hjelper oss med å sjå om det er direkte feil i karta.

Som eit grunnlag for arealplanen

Kartlegginga av den funksjonelle strandsona har ikkje eige juridisk binding og skal ikkje vedtakast politisk, men takast med som ein del av kommunen sin arealplan.

– Dette skal vera eit grunnlag for rullering av arealplanen til kommunen. Vi har kartlagt områder som ikkje bør byggast ut, og områder som kan byggast vidare ut med ei fortetting. Målet har vore å ivareta ålmenta sine interesser og unngå uheldig bygging langs sjø, forklarte Karianne Eriksen, landskapsarkitekt hos Asplan Viak.

– I samband med kartlegginga, har de funne avvik mellom kart og terreng, undra Trine Lindborg (Ap).

– Det har vi ikkje sett på. Då vi gjorde tilsvarande jobb for Fusa, så var politikarane med, og dei noterte flitting, svara Eriksen.

– Det er interessante avklaringar. Den øvelsen må de gjera i samband med kommuneplanen og seie noko om korleis de ønskjer at strandsonen skal nyttast. De skal ta med dykk dette faktagrunnlaget inn i arealplanarbeidet, supplerte Stadaas.

Kva er moglegheitane?

Gustav Bahus (Frp) lurte på korleis ein kunne få ei funksjonell strandsone og slippa dispensasjonar.

– Korleis kan vi få ei funksjonell strandsone som vi kan bruka og vera tro mot, slik at vi slepp dispensjoanr på kvart einaste møte, lurte Bahus på.

– Det er nok eit stort sprik mellom kva som er politisk ønskjeleg å få til i Os og kva som er mogleg å få til frå overordna mynde. Det nok framleis ikkje mogleg å få til eit naust kor som helst, til det har overordna mynde satt for mange begrensingar, svara kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås.

Med bakgrunn i kartlegginga beslutta politikarane at dei ville setta av ein dag for å reise på synfaring for å sjå på kystlinja med eigne auge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.