Næringsliv | 17. jan. 2018

Har kjøpt «lefsefabrikken» for å selja mat på nett

Frode Søviknes og Guttorm Aase i emisjon for å satsa stort i Hesthaugen.

Har kjøpt «lefsefabrikken» for å selja mat på nett
Frode Søviknes og Guttorm Aase framfor fabrikkbygget dei kjøpte i desember 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. jan. 2018 16:50

Bildeserie:

Bygget er på over 1000 kvm, tomta er 7,2 mål stor. (Foto: KVB)
Bygget er på over 1000 kvm, tomta er 7,2 mål stor. (Foto: KVB)
No skal kjølerom, linjer og utstyr flyttast frå Industrivegen. (Skjermdump, foto: Ørjan Håland)
No skal kjølerom, linjer og utstyr flyttast frå Industrivegen. (Skjermdump, foto: Ørjan Håland)
1 av 2
Bygget er på over 1000 kvm, tomta er 7,2 mål stor. (Foto: KVB)
No skal kjølerom, linjer og utstyr flyttast frå Industrivegen. (Skjermdump, foto: Ørjan Håland)

Etter 3,5 år med pakking for Adams Matkasse flytta Oleanna AS sin storkunde pakkejobben ut av Os. Dette var i slutten av 2016.

Men Oleanna hadde ein annan idé liggande klar i skuffa. Å selja daglegvarer via nettbutikk.

– Vi har transportlinjene, vi har bygd oss opp mykje kunnskap og vi driv svært kostnadseffektivt, seier eigar Frode Søviknes om konkurransefortrinnet han meiner den komande nettbutikken vil ha.

Blant dei han har fått med seg i nyoppretta holdingselskap, BSV-Invest AS, er daglegvareveteran Guttorm Aase.

Aase har vakse opp i ein landhandel i Strandebarm, studert ved NHH, jobba to år for Rimi-Hagen før han i 1988 dreiv pilotbutikk for Reitan i forkant av Rema 1000 si etablering på Vestlandet. Seinare har han både jobba for Reitan i utlandet og som konsulent på prosjekt heime i Noreg, seinast i 2016.

– Eg ser at Søviknes både har eit system og ein idé som kan fungera godt. Saman med fleire medeigarar i BSV Invest har vi jobba saman om å forma denne vidare, seier Guttorm.

Frå Industrivegen til nykjøpt «lefsebakeri»

Oleanna AS overtok i 2013 Smak Catering og det store kjøkkenet med tilhøyrande produksjonslokale i etasjen over Meny i Industrivegen.

I oktober 2017 beslutta dei å flytta frå Industrivegen for å bli herre i eige hus.

– Vi fekk nyss i at bygget som tidlegare husa produksjon av Vestlandslefsa var for sal. Eigar, som tidlegare dreiv VA Teknikk frå lokalet, ville selja til oss, og vi byrjar no å innreia og pussa opp.

Tomt på 7,2 mål - kjølerom på 1000 kvm

Eksisterande leigetakarar er sagt opp, men blir nokre månadar før dei er ute.

– Det er likevel ledige delar av bygget der vi kan byrja å jobba.

BSV skal blant anna flytta kjølerom på 1000 kvadratmeter og ei lang rekke transport- og pakkelinjer til Hesthaugen.

– Vi får like stort produksjonslokale som det vi flyttar frå i Industrivegen. Det er dessutan gode forhold for utviding, tomta er 7,2 mål stor.

Tar inn fleire eigarar i ny emisjon

BSV-Invest AS har tre dotterselskap, Oleanna AS, eit eigedomsselskap og selskapet som skal driva nettbutikken. BSV har kjøpt inn transportlinjene og anna logistikkutstyr frå Oleanna AS, inventar og utstyr til oppmot 10 millionar kroner.

• Videoreportasje: På innsio: Oleanna AS

– Vi vil bygga oss endå meir solide, og har opna ein emisjon for å ta inn fleire eigarar og yttarlegare kapital, fortel Søviknes.

Til no er det 14 aksjonærar i BSV Invest AS.

– Vi har blant anna med oss ein større investor med relevant erfaring både som gründer og innan automasjon og logistikksystem. Han blir i tillegg del av styret. Vi er òg glade for å ha med oss Geir Søviknes, som leia pakkinga for Adams Matkasser i ei årrekkje, med vidare, både som arbeidskraft og medeigar.

Planlagt start på daglegvarebutikken på nett er til hausten. Namn på den komande nettbutikken, eller andre strategiar eller konkurransefortrinn dei meiner denne butikken vil få, vil dei førebels ikkje ut med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.