Næringsliv | 27. jan. 2011

Har kjøpt ny «Røttingøy»

Dales Rederi AS har vore på handletur i Irland.

Har kjøpt ny «Røttingøy»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. jan. 2011 21:30

- Med den nye båten treng vi berre gå to turar der vi tidlegare ville gått tre turar med same fangst om bord, seier dagleg leiar i Dales Rederi AS, Astrid Dale.

2010 blei eit rekordår for rederiet, med nesten dobling i omsetninga, frå 25 millionar kroner til 47 millionar, treng nok ikkje Dale-familien å gå på salg. Likevel har dei brukt januar månad på å kjøpa ny båt.

- Måndag blei den kjøpt, ein 59 meter lang irsk trålar, fortel Dale.

Båten er 7 meter lengre og 2 meter breiare enn dagens MS «Røttingøy». Den har også nesten 50 prosent betre lastekapasitet.

- Den kjem til Noreg i slutten av februar, så skal den vidare til ombygging. Vi reknar med å ha den klar for bruk i juni i år, seier Astrid Dale, som ikkje vil røpa kjøpesummen.

Dagens MS «Røttingøy» blei bygd i 1978 og kjøpt av Dales Rederi i 2001. I går blei den lagt ut for sal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.