Lokal | 12. feb. 2018

Har kjøpt sjark for å driva fiske i nord

– Av og til kan du få ein idé som ikkje slepp taket, men veks seg moden, seier Sikke-Marie Holmefjord Therkelsen.

Har kjøpt sjark for å driva fiske i nord
Sikke-Marie, her framfor «mamo» sin butikk på Osøyro. Innfelte bilde av sjarken hennar, og litt av erfaringa med torskefiske. (Foto: Kjetil V. Bruarøy/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. feb. 2018 12:16

Bildeserie:

1 av 6

Før helga var Sikke-Marie Holmefjord Therkelsen (30) i Haugesund for å kjøpa seg ein sjark, i skrivande stund er ho på veg til lands i Vesterålen med dagens fangst.

– Min eigen sjark er ikkje klar for fiske før i mars, no er eg på oppdrag på ein annan båt, seier 30-åringen frå Os.

Det var tilfeldig at ho byrja å jobba som fiskar, og berre ei spire av ein idé som gjorde at ho no har tatt steget og investert i eigen sjark.

– Det er ikkje akkurat noko eg har drøymd om sidan eg var liten, men eg har det kanskje litt i blodet. Mamma jobba på båt tidlegare og morfar, som dessverre døydde før eg var fødd, var sjømann.

Ville i Nordsjøen

Tidleg i 20-åra var Sikke-Marie litt på reis, og budde blant anna i Oslo og i USA. Ho jobba blant anna som servitør, men var ikkje sikker på om ho ville gå skule, eller kva jobb ho seinare ville sikta seg inn på.

– Sidan både pappa og onkel jobba i Nordsjøen, tenkte eg at eg kunne prøva meg. Eg tok sikkerhetskurs og søkte jobb, men kom meg ikkje ut. I staden blei det båt.

– Første jobb blei på Samba heime i Øyane. Eg veit ikkje om enkelte var litt skeptiske til å få ei uerfaren dame om bord, men eg føler det gjekk fint og er takksam for tilliten!

Så mønstra ho på bokbåten Epos, nøyaktig 25 år etter at mamma (blomsterbutikkeigar Marianne Holmfjord) gjekk gravid med Sikke-Marie mens ho jobba på same båt.

Hamna på krabbefiske i Barentshavet

Dei siste fem år har ho jobba på fleire ulike båtar, i ulike oppdrag, både i fast stilling og som vikar.

– Eg har vore med Statnett og lagt kablar i Oslofjorden, i Skagerrak og i Spania, på linebåt utanfor Ålesund og fiska snøkrabbe i Barentshavet. Krabbefisket var hardt, med 16-timarsdagar, men ei god erfaring å ta med seg.

Etter å ha vore på ulike typar fiske byrja Sikke-Marie å drøyma om å fiska utanfor Lofoten og Vesterålen. Torsdag var det eitt år sidan ho, i ein friperiode, besøkte kollega i Lofoten og med det same fekk vera med ein erfaren sjarkfiskar på havet.

– Han skulle snart pensjonera seg, og viste meg mykje tillit. Etter kort tid så sette han seg tilbake med kaffikoppen mens eg sto for fisket.

– «Du skulle hatt din eigen sjark» sa han. I starten sa eg til meg sjølv at dette kunne eg gløyma, at eg kan for lite, at det blir dyrt og vanskeleg. Men i staden for å slå det heilt frå meg, så byrja eg å sjekka kva som skulle til, om det i det heile tatt var mogleg.

Bur i Honningsvåg

Therkelsen fortel om mykje papirarbeid for å få sjarken klar for fiske.

– Den er ikkje registrert frå før, så det har vore ein del papir å fylla ut. Dette sat eg blant anna med i helga, før eg reiste nordover igjen.

Sikke-Marie bur i Honningsvåg, tre mil sør for Nordkapp, der ho leiger leilegheit hos ein tidlegare kollega.

– Sjarken skal sendast nordover med båt, eg reknar med å ha alt klart til min første tur som fiskar frå eigen sjark i løpet av første halvdel av mars.

35 tonn torsk

Den ferske fiskaren har førebels ikkje mykje fiskeutstyr, men har fått låna seg noko bruk.

– Eg har fått tak i to juksemaskiner (snøre med søkke og fleire krokar) og bygger på etterkvart.

Ho får òg kvote på 35 tonn torsk. Ulike formar for bifangst, som hyse, sei og kveite, kan det òg bli litt butikk av.

– Eg håper òg å få kvote på kongekrabbe, men den gir dei ikkje til folk som har budd i Finnmark kortare enn eit år, så eg må venta til august. Om eg er heldig får eg kvote på tre tonn, men då må eg òg ha tak i teiner.

Audmjuk debutant

Mens ho no er mannskap på andre sin båt er det med skrekkblanda fryd Sikke-Marie ser fram til mars og dei første turane åleine med sin eigen sjark.

– Tryggleik kjem først. Eg vil gjera meg godt kjent med båt og maskin, og førebu meg på at ting kan gå gale. Det vil nok bli både opp- og nedturar, men eg er førebudd på litt motgang.

– Eg vil òg prøva å plukka opp så mange tips og råd eg kan få. Eg startar med nesten blanke ark, men om ikkje du aldri prøver, så kan du heller aldri bygga deg opp nokon erfaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.