Kultur | 07. nov. 2014

Har kome heim

WT Litteraturfestival har kome "heim" når festivalen startar i biblioteket fredag førmiddag. – Dette er jo Os sitt litteraturhus, smiler Frode Sirevåg.

Har kome heim
Frode Sirevåg og Vidar Bratlund-Mæland er klar for den tredje WT Litteraturfestivalen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 07. nov. 2014 09:52

For tredje året på rad arrangerar Frode Sirevåg og Vidar Bratlund-Mæland WT Litteraturfestival. For første gong er arrangementet lagt til biblioteket.

– Det er nesten rart at vi ikkje har tenkt på biblioteket som festivalstad tidlegare.

– Det er jo dette som er litteraturhuset i Os. No har vi kome heim, slår Frode Sirevåg fast.

Formiddagsgrøss

Først ut er Tor Arve Røssland med ei grøsser-stund fredag formiddag.

– Det er jo planleggingsdag over heile lina i dag, så vi håper jo at både barn og vaksen tek turen på biblioteket klokka 12.

– Tor Arve er noregs framste ungdomsgrøss-forfattar på nynorsk.

– Han har eit kjemperykte på seg i høve det å fengje publikummet og er særs populær å invitera på skulebesøk, fortel Sirevåg.

Lyrikk-kveld

Festivalprogrammet fredag held fram med lyrikk på ettermiddagen.

– Der kjem ei kremrekkje av forfattarar med Oskar Stein Bjørlykke, Oddveig Kyve og Bente Bratlund.

– Eg gler meg stort til den stunda.

Musikk og born på Eran

Laurdag førmiddag flyttar festivalen til Eran Veikro.

– Det gjorde vi første gongen i fjor, og det blei ein kjempesukess med stinn brakke.

– Vi håpar sjølvsagt at det blir like bra i år. Programmet med Bente Bratlund og Oskar Stein Bjørlykke tydar i allefall på det.

– I tillegg har vi fått med oss stjerneskotet frå Fusa, Idar Rolland, til å synga og spela.

Krim med Teige og Staalesen

To av Noregs mest populære krim-forfattarar tek seg tid til å svinga innom Os på hektiske signeringsturneer.

– Både Trude Teige og Gunnar Staalesen er travle om dagen, med tid til Os tek dei seg.

– Det sett vi utruleg stor pris på.

– I tillegg har vi fått med oss Steinar Birkeland som konfransier og til å hjelpe oss til å bli betre kjent med desse to forfattarane klokka 17.

Bokbar og fest

I god WT-ånd er heile festivalen gratis og avsluttast festivalen med fest.

– Vi gjer om biblioteket til bokbar og kan lova underholdning i god WT-stil.

– Mellomanna har vi fått med oss Os mannskor, Os vokalis og Tre med skjegg og ein utan.

– Musikken utover kvelden er det trubaduren Kurt får Strøno som står for.

– Men eg ser ikkje bort frå at Vidar og eg ikkje klarar å halde oss heilt unna heller, smilar Frode Sirevåg avslutningsvis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.